Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2019
Ma Ti On To Fr
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
       

Siste publiserte artikler

Årsmelding 2011

22.02.2012 | Skrevet av Per Henjum

Årsmelding 2011

 

Styret har vore samansett slik:

Leiar:                               Marit Henjum Halsnes

Styremedlem:                 Eirik J. Husabø (kasserar)

                                         Per Henjum

Varamann:                      Roald Lunde

Revisor:                           Magnar Fredheim og John Gjerløw

Utstillingsnemnd:            Styret + Roger Gåserud og Erling Gjerde

Kontaktperson for
gjetarhundnemnd:           Bjørn Hagen

Valnemnd:                       Erling Holen og Jan Reidar Njøs

 

Leikanger Sau og Geit har 21 medlemar. Ingen endringar siste året.

Styret har hatt 2 møter og handsama 5 saker. Elles vert telefon og e-post nytta ved behov.I mai vart det arrangert ei medlemssamling, i høve utdeling av lammenodar, radiobjølleprosjektet. Den store aktiviteten dette året har vore utprøving av 50 lammenodar fordelt på 13 buskapar i regi av FMLA v/Helen Haaland. Lammenodane innfridde ikkje, då batteria vart fuktige og nodane slutta å virka utover sesongen.

I løpet av våren var det også dugnad i Bakkagarden hjå Jakob og dei 10 Infotavlene vart ferdig og tavlene vart montert ved dei ulike beiteområda. Bommen Henjadalen, Heggdalene, Trafostasjonen på Njøs, Njøsadalen ved sauekveea, Kleppa, Eggja, Huksdalen og Engjasete. (Søkte om 24.000,- tilskot Organisert beitebruk, fekk løyve på 6.000,-)

Kåring av værlam for Leikangar og Sogndal vart arrangert Leikanger 03.10. Av 81 dyr vart 66 kåra. Vellukka kåring, men mykje arbeid for enkelte og det kunne med fordel ha vore betre fordeling av oppgåver.

Det vart i 2011 skote 12 rev i Leikanger, mot 15 i fjor. Det er utbetalt skotpremie på kr 700,-/dyr (kr 8.400,-).

Innsamling av ull vår og haust vart berre varsla med sms på mobil, utan annonse i lokalavisa.

For 2012 har Leikanger S&G  søkt om:

1.      Søknad om tilskot til felling av rev, kr 400.- /dyr for 2012

2.      Søkt fylkesmannen om utbetaling av tilskot til infotavler, kr 6000,-

 

Styret

 

Arbeidplan 2012

Organisere ullinnsamling

Arrangere fagmøte om flått, veterinær.

Organisere utprøving av radiobjøller, lammenodar

Bidra vedrørande kåringssjå i Sogndal


Tordis på tilsynsrunde


På Stokksete


På veg til fjells

 
Leikanger Sau og Geit    Tlf.  415 11 774
Org.nr. 988 102 172