Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2019
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031    
       

Siste publiserte artikler

Årsmelding 2018

 

Årsmelding Vossestrand Sau og Geit

Styret har i 2018 vore:

Leiar:                   Kristina Jordalen

Nestleiar:            Knut Skjervheim

Skrivar:                Bjørn Atle Nesheim

Kasserar:             Lars Arne Hemre

Styremedlem:    Einar Selland

Vara:                    Alf Ragnar Devik

 

Gjetarhundansvarleg:

Kristina Jordalen

 

Valnemnd:

Gunn Odil Sleen

Roald Jordalen

Kjetil Skjervheim

 

Revisorar:

Morten Samskott

Svein Nordanger

 

Per 31.12.18 har laget 49 medlemmer.

 

Årsmøtet vart halde den 07.02.18 på Myrkdalen Hotel. 19 medlemmar var til stades. Karluf Håkull frå Nortura var med og orienterte blant anna om marknadssituasjonen.

 

Styret har hatt eit møte, elles kontakt per telefon og e – post.

 

Fylkesårsmøtet vart halde på Stord Hotel 24.02.18, Vossestrand var representert ved leiar.

 

Vår – og haustmøte var også i år eit samarbeid med dei andre lokalllaga.

Vårmøte vart halde på Park Hotel 19.03.18, der veterinær Tore Tollersrud frå Animalia snakka om utfordringar rundt lamming, blant anna mastitt, munnskurv og leddbetennelsar.

Haustmøte vart halde 23.10.18 på Park med der Finn Avdem frå Nortura snakka om utfordringar med lite heimeavla grovfôr og holdvurdering av sauen gjennom vinteren.

 

Vossestrand Sau og Geit var med då Nortura gjennomførte grillaksjon den 02.06.18. Anders Tveite frå Tveite Gard stilte som grillmeister, og saman med Voss og Vaksdal Sau og Geit serverte me grilla lammekjøt utanfor Amfi – senteret. Me vart tekne godt i mot, både av Meny – butikken som me samarbeidde med og av kundar som fekk seg ein smakebit. Mange gode tilbakemeldingar og forhåpentlegvis var det opptil fleire som handla grillkjøt av lam både denne dagen og seinare på sommaren.

 

Kåringa vart i år som i fjor arrangert saman med dei andre lokallaga, i ridehallen den 07.10.18. Litt færre lam i år enn i fjor, men likevel 153 lam fordelt på 23 utstillarar. 130 av desse vart kåra, der 5 var på dispensasjon. 18 lam, 12 % vart vraka.

 

Kristina Jordalen deltok på dommarsamling på Lindås, og var dommar på kåringssjå i Ulvik.

 

Gjetarhundtrening var det i ridehallen ein gong i veka heile vinteren fram til påske, og på seinsommaren fram til sanking hjå Rune Gjeraker på Løno.  Fellestreningane er svært populære og mange deltek.

 

11.11.18 arrangerte Voss og Vossestrand gjetarhundprøve på bakkane hjå Rune Gjeraker.

27 ekvipasjar frå heile fylket stilte til start, med Stein Dalland som dommar. Det var utfordrande sau med mykje trekk, og mange fekk problem med å gjennomføra. Likevel god stemning på årets siste prøve i Hordaland. Bjørn Atle Nesheim og Dina var einaste deltakar frå Vossestrand i kl 2, dei enda på 2. plass med 52 poeng.

 

NM for gjetarhund vart i år arrangert av Hordaland Gjetarhundnemd, i Omvikedalen 12. – 14.10.18. Vossestrand var, som vedteke på årsmøtet 07.02.18, med å støtta arrangementet med kr. 1500,-. Elles var laget representert og stilte med dommarsekretær heile helga. Eit godt gjennomført arrangement med berre gode tilbakemeldingar.

 

Elles har Kristina Jordalen delteke på gjetarhundprøvar med Boxer og Tess på Hosteland, og med Tess  i Rosendal, Osterøy og Fatland Cup i Rogaland. Best resultat vart det i kl 3 på Osterøy med 81 poeng og 11. plass.

 

Ullinnsamling:

Årets ullinnsamling gjekk utan anmerkning både hjå Norilia og Fatland.

Ullsekkar kan framleis hentast på lageret hjå Bjørn Atle Nesheim.

 

 

 

Kristina Jordalen

Leiar

 

 

 

 
NN Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)