Eg
som skriv dette, er geitebonde og har vore det i 27 år. Før det har eg blant
anna ei utdanning og ei viss yrkesrøynsle med forskingsarbeid innanfor
samfunnsfag. Eg har også i 4 år representert Norsk Bonde- og Småbrukarlag i
fondsstyra for omsetnings- og avtalemidlar i landbruket og gjennom det fått eit
visst innblikk i dagens landbrukstilknytte forsking.
Eg
har sidan hausten 2007 vore med i ei støtte-gruppe for bonde Tollef Haug, som
fekk para-tuberkulose i sin buskap. Mange av synsmåtane i det følgjande er
utvikla i denne gruppa, utan at eg vil gi dei andre ansvar for det eg skriv.
Eg
skriv dette notatet fordi eg opplever det slik at Prosjekt Friskere Geiter (PFG)
er bygt på eit tynt fagleg grunnlag. Det er mi oppfatning at dersom kursen for
prosjektet ikkje blir endra, vil det snart bryte saman. I så fall vil det i
framtida bli vanskeleg å få til offentleg finansiert helsearbeid for
geitehaldet, truleg også i alt landbruk som har band til dei ansvarlege for
dette prosjektet, det vil seie Tine BA og Norsk Sau og Geit.
Eg
skriv også fordi eg og me andre som har engasjert oss i dette, har vorte
utsette for mykje ryktespreiing og fått knytt til oss mange synsmåtar me ikkje
har. Eg føler difor behov for å
presentere synsmåtane meir i heilskap.
Eg
hadde ønskt meg ein annan framgangsmåte framfor eit notat av dette slaget. Eg
hadde ønskt meg saksdebattar med prosjektet, Tine BA og Norsk Sau og Geit. Men
i støttegruppa har me sendt mange brev, og me har invitert til møte. Me får
ikkje svar på breva, og prosjektleiarane vil ikkje møte oss. Altså er dører
stengde, og me må ta i bruk andre metodar. Fordi det er slik, ser eg også
gjerne at dette notatet blir spreidd til alle interesserte. Eg mottek gjerne
reaksjonar attende. Telefonnummer, post- og epostadresse står sist i notatet.
PFG
starta som eit avgrensa prosjekt i 2001. Bakgrunnen var tiltak som likna, men i
mindre omfang og mot ein eller to sjukdommar, i Sveits, Sverige og Nederland.
Det uttrykte målet var å samle erfaringar i løpet av nokre år, gjennomføre
ei evaluering og så ta stilling til eventuell vidareføring av arbeidet.
Prosjektet
har som mål å utrydde tre geitesjukdommar, bakteriesjukdommane byllesjuke og
paratuberkulose og virussjukdommen CAE. Metoden er sanering, det vil seie å
slakte heile buskapen, fjerne kjelder til smitte i fjøs og jordveg og setje inn
usmitta kje. Usmitta kje kan ein få ved snapping, det vil seie at bonden tek
kjeet direkte etter kjeing, før det har kome i kontakt med fjøsmiljøet, og
fraktar det til desinfisert fjøs, eller ved kjøp av kje frå sanert buskap.
Under
vegs hevda prosjektet og oppdragsgivarane at erfaringane var så eintydig
positive at det ikkje var behov for ytterlegare evaluering, og dei valde å gå
rett på eit storprosjekt. Målet no er å sanere alle norske geitebuskapar.
Stadig fleire signal tyder på at om ikkje bøndene blir med frivillig, vil dei
enten bli tvinga eller må slutte med geiter.
Utvidinga
av prosjektet er vedteke på topplanet i Tine BA og Norsk Sau og Geit. Det har
ikkje vore til høyring blant geitebønder.
Prosjektet
kostar årleg 11-12 millionar kroner, som blir løyvde over jordbruksavtalen. I
sum vil dette utgjere ein tresifra millionsum til dess prosjektet eventuelt er
sluttført. I tillegg kjem kostnadene og arbeidet til produksjonsrådgivarar og
resten av Tine-apparatet. I tillegg kjem også meirarbeid og meirkostnader for bønder
som er med i prosjektet.
Dei
av oss som har levd ei stund eller som har sett oss inn i etterkrigshistoria,
kjenner til den vitskapsoptimismen som rådde i tiåra etter krigen, ikkje minst
med omsyn på tenking rundt helse. Med vitskaplege og tekniske nyvinningar var
menneska i ferd med å få kontroll over naturen, trudde dei. Med antibiotika
skulle infeksjonar bli borte. Med DDT skulle malariamygg fjernast og mange
sjukdommar på dyr og planter knekkjast. Med vaksineringsprogram skulle
alvorlege sjukdommar som tuberkulose og poliomyelitt utryddast frå jorda.
Menneska gjekk ei lys framtid i møte med kontroll over naturen, der me endåtil
skulle kunne styre vêret, med mindre sjukdommar og smerter og lengre levealder.
Det
gjekk ikkje som vitskapsoptimistane spådde. Bakteriar av ulike slag har vorte
eller er i ferd med å bli immune mot mange typar antibiotika. Enkelte variantar
av malariamygg er immune mot DDT, og DDT har i tillegg ei rekkje skadeverknader.
Tuberkulose er på full fart inn att, og poliomyelitt er endemisk i minst ti
land.
Grunntenkinga
bak vitskapsoptimismen heldt ikkje. Dei trudde naturen var enkel og
kontrollerbar. I staden er han kompleks og kreativ og på uføreseielege måtar
i stand til å reagere mot menneskes forsøk på styring. Difor er det heller
inga enkel patentoppskrift på korleis ein kan oppnå god helse og lange liv.
Det handlar om dei små stega, om fokus på kvar enkelt sjukdom og kvart enkelt
problem, om miljø og ein uendeleg kompleks røyndom.
Mitt
inntrykk, som eg skal utdjupe gjennom dette notatet, er at PFG byggjer på
vitskapsoptimismen frå femti- og sekstitalet og ikkje har teke inn over seg
dagens økologiske innsikt i at naturen er kompleks og kreativ. Dette gjeld for
det første grunntanken om at det er enkelt å isolere og utrydde
geitesjukdommar. Det gjeld for det
andre ideen om at mange sjukdommar kan behandlast med same metode. Det gjeld for
det tredje tanken om at sjukdomsbiletet er ferdig forstått.
Vinteren
2007 fekk altså bonde Tollef Haug i Ål omfattande
utbrot av paratuberkulose i geitebuskapen sin.
Haug hadde ført grundige notat frå alt arbeidet sitt. Der stod det også
at ein del av geitene braut seg gjennom eit gjerde hausten 2004 og kom i kontakt
med ein møkkahaug frå tidlegare buskap. Dette var forklaringa, sa prosjektet,
den fagansvarlege presiserte det til 99,7 % sikkert. Utbrotet kom fordi Haug
hadde forsømt seg.
Men
av Haugs noteringar går det fram
a)
At han hausten 2004 hadde kjea i tre fråskilde flokkar. Først fire månader
etter den refererte hendinga vart dei sette i lag. Berre den eine flokken var i
kontakt med møkkahaugen, men sjukdomsutbrotet var like alvorleg i heile
buskapen.
b)
Også 2005-årgangen var smitta. Ingen av desse hadde altså vore i
kontakt med møkka.
c)
Haug selde i 2006 kje til andre geitebønder. Desse har ikkje fått paratuberkolose.
Alt
dette peikar i retning av at dyra ikkje vart smitta hausten 2004. Mest truleg
kom smitten i løpet av sommarhalvåret 2005. Tesen om møkkahaugen som kjelde må
vurderast som svært lite sannsynleg.
Det
er på dette stadiet forskarane si nyfikne for alvor burde vere tent.
Paratuberkulose er ein saktespreiande sjukdom, vanskeleg å påvise og vanskeleg
å etterspore, og det er store hol i kunnskapane om sjukdommen. Her var me i ein
situasjon med ei ukjend smittekjelde og med ein bonde med stort engasjement og
omfattande noteringar om eigen drift, og difor sjansar til å tilføre forståinga
nytt.
Haug
informerte og argumenterte. Det same gjorde me andre som kjende situasjonen. Men
dei brydde seg ikkje. Då den opphavlege påstanden til PFG viste seg å ikkje
halde, var interessa borte. Ikkje ein gong det enkle arbeidet med prøvetaking
av nabobuskapar fann stad før etter mykje press frå vår side og nesten tre år.
Framleis er spørsmålet om korleis sjukdommen kom inn i Haugs buskap, like
uavklara. Og husdyrhaldarar og viltforvaltninga i Hallingdal må leve med uvissa
om korvidt paratuberkulose finst i nærmiljøet.
Me
har etterlyst ei midtvegsevaluering av prosjektet. I eit prosjekt som vedkjem ei
heil næring og kostar eit tresifra milliontal, bør det vere gode grunnar til
ei uavhengig vurdering. Dei fleste forskarar ville setje stor pris på ein
gjennomgang og eit høve til korrigering. Men i Bondebladet nyleg avviste
prosjektleiaren kravet om evaluering med at styringsgruppa evaluerer prosjektet
heile tida. Han ser tydelegvis ikkje verdien av innspel og vurderingar utanfrå.
Mange
konkrete spørsmål står usvara. Det blir gjerne vist til Nederland, der dei
rundt 1990 tok ut geiter med byllesjuke og ifølgje ein fagartikkel frå 1996
var i ferd med å utrydde sjukdommen. Men me manglar informasjon om korleis det
har gått etterpå. Også i det norske saneringsprosjektet hevda dei i 2007-08
at dei var i ferd med å utrydde byllesjuke. Nyare testar viser at det var feil.
I materialet frå prosjektet heiter det at svenske geitebønder starta sanering
først på 1990-talet, men så tok løyvingane slutt. Kvifor skjedde det, fordi
styresmaktene ikkje ville bruke meir pengar på geiter eller fordi resultata
uteblei?
Eit
viktig spørsmål i debatten gjeld amming. Sjå til dømes artikkelen ”Amming
er viktig – også for kalver” på www.forskning/no.
Forskar Ann Margaret Grøndahl ved NVH hevdar der at amming gir vesentleg betre
helsetilstand og vekst for kalvar og like eins at det virkar positivt på
mordyra. Ein skulle tru situasjonen er omtrent den same for geiter og kje.
Retningslinene frå prosjektet er ifølgje Saneringsnytt 1-2009: ”Snappa kje
skal ikke fôres med geiteråmelk. Senere generasjoner skal helst tas frå mora
kort tid etter fødsel, og ikke fôres med geiteråmelk ut over kjeets råmelkbehov.”
Truleg
er både byllesjuke og mastitt større problem i sanerte buskapar enn i buskapar
flest. Ei mogeleg forklaring er at dei snappa kjea ikkje har fått bygt opp
immunforsvaret på same viset som andre kje. Eg hevdar ikkje at det er slik, men
at dette er ein hypotese som bør undersøkjast. Men innvendingar og andre synsmåtar
blir ikkje vurderte i prosjektet, iallfall ikkje i samråd med bøndene.
Døma
i det føregåande viser at PFG i svært liten grad er orientert mot forsking og
samling av ny kunnskap. Når det då viser seg, både med paratuberkulose og
byllesjuke, at innsikta i sjukdomsutvikling og sjukdomsforløp er liten, betyr
det at om saneringa ikkje gir det venta resultatet i form av at sjukdommane blir
utrydda, har arbeidet med sjukdomsbekjempinga heller ikkje kome vidare.
Me har ikkje fått ny forståing som kan hjelpe oss framover.
”
Helsetilstanden i sanerte besetninger er i hovedsak
svært god”, står det i årsrapporten frå PFG 2008. Det er liten tvil
om at dei fleste bønder som sanerer, opplever det slik dei første åra. Men
dei har på dette tidspunktet berre unggeiter. Heller ikkje me som ikkje har
sanert, opplever mange helseproblem med unggeitene. Helseproblema rammar først
og fremst eldre geiter.
Spørsmålet
er altså korleis helsetilstanden blir i sanerte besetningar når geitene igjen
får ei normal aldersfordeling. Tine
Rådgiving opererte i sin Fagleg rapport
Geit 2008 med eigen rubrikk for bruk som har sanert meir enn 4 år sidan.
Dette er altså bruk som er i ferd med å få ei normal aldersfordeling på
geitene att. Gruppa utgjorde 32 bruk. Det ligg ikkje føre eigne tal for
ikkje-sanerte buskapar, slik at me må jamføre med alle buskapar, 423 i
materialet. Tabellen under er eit lite utdrag frå dette materialet.
|
|
Bruk
sanert meir enn 4 år sidan |
Bruk
i alt |
|
Mjølkeleveranse
pr. årsgeit |
676 |
556 |
|
Leveranse
i % av kvote |
87 |
89,9 |
|
%
utrangerte geiter pga kasta/ikkje drektig |
24,8 |
12,4 |
|
%
av årsgeiter med jurproblem |
2,8 |
2,3 |
|
%
av årsgeiter behandla for mageproblem |
5,7 |
3,6 |
|
Utskiftingsprosent |
26,3 |
32,4 |
|
Protein
% geitmjølk |
3,03 |
3,02 |
Tabellen
viser
a)
at sanerte buskapar hadde ein høgare årsleveranse enn gjennomsnittet.
Det er ikkje uventa, for ein større
del av geitene er i sin ”beste alder”, kraftfôrprosenten er høgare, og
rettesnora frå PFG er at 20 % av grovfôret skal liggje att på fôrbrettet og
kastast.
b)
at kvoteoppfyllinga var lågare i sanerte buskapar enn i bruk i alt.
Kvoteoppfylling kan brukast som ein indikator på problemforhold i drifta. Dei
fleste bønder planlegg ut frå at mjølkekvoten skal fyllast, men sjukdom og
andre problem kan hindre at det skjer. Den låge kvoteoppfyllinga i sanerte
buskapar står i motstrid til det PFG hevdar i Sau og Geit 5-2008: ”Disse
produsentene har ikke problemer med å fylle kvoten, smiler Lindheim.”
c)
at drektigheitsproblema var vesentleg større i sanerte buskapar enn i
landet som heilskap. Prosenten her er rekna av tal utskifta geiter og ikkje
samla tal geiter. I og med at utskiftingsprosenten var noko lågare i sanerte
buskapar enn i bruk i alt, blir ikkje skilnaden fullt så stor som tala viser.
Per 100 geiter vart 6,5 skifta ut pga drektigheitsproblem i sanerte bruk, mot 4
i bruk i alt. Når prosjektleiar hevda i Bondebladet i vinter at
drektigheitsproblema er små i sanerte buskapar, er det altså feil.
d)
at ein noko høgare prosent av geitene i sanerte buskapar har jur- og
mageproblem.
e)
at utskiftingsprosenten er noko lågare i sanerte buskapar. Den
sannsynlege forklaringa er at dei enno ikkje har mange eldre geiter.
f)
at mjølkekvaliteten med tanke på protein (og laktose, feitt og tørrstoff)
er lik i sanerte buskapar og landssnittet.

Figuren
over viser dei viktigaste helseindikatorane frå Tines statistikkhefte. Den
loddrette talkolonnen viser prosentar av tal årsgeiter i dei to
buskaps-gruppene.
Konklusjonen
er at det statistiske materialet Tine
presenterer, ikkje på noko vis kjem ut i favør av sanerte buskapar.
Talmaterialet tyder tvert om på at helsetilstanden har vorte dårlegare. Men
materialet er lite, så me bør avgrense oss til å konkludere med at dyrehelsa
ikkje har betra seg.
På
nytt må spørsmålet reisast: Kvifor blir ikkje dette diskutert av prosjektet?
Er det ikkje slik at ein open og fordomsfri diskusjon om resultat og manglande
resultat er det beste grunnlaget for å kome vidare? Eller er oppfatninga i
staden at opplysningar av negativ art står i vegen for vidareføring av
prosjektet og difor ikkje bør fram til bøndene (og heller ikkje til
oppdragsgivarar og finansørar)?
Som
nemnt hevda PFG at utbrotet av paratuberkulose hos bonde Tollef Haug i Ål kom
av at han i saneringsåret ikkje hadde dekt til ein møkkahaug frå den gamle
buskapen, og utbrotet vart forsterka av at han underfôra dyra sine. Dette vart
uttrykt i mange samanhengar, eg vil nemne nokre av dei:
a)
Tidlegare prosjektleiar hevda overfor to yrkeskollegaer av Haug at han
underfôra dyra sine og at dette var medverkande årsak til utbrotet av
paratuberkuolse.
b)
Noverande prosjektleiar sa I Nationen
11.2.08 at han hadde ”fått rapportert at dyra ikkje var i godt hald i fjor
vinter”.
c)
I vedtak i styringsgruppa for prosjektet heiter det at ”prosjekt
Friskere geiter har erfart at denne besetningseier har et særskilt behov for
oppfølging”.
d)
I Powerpoint-presentasjon Tine-rådgivarar brukte i tida etterpå, står
det at utbrotet skuldast ”utilstrekkelig smittebeskyttelse av sanert flokk”,
altså forsømming frå bondens side.
Som
nemnt er påstanden om møkkahaugen som kjelde til utbrotet, etter alt å dømme
feil. Når det gjeld underfôring, er det korrekt at prosjektleiar observerte
magre dyr ved besøk i fjøset. Men ein veterinær bør vite det elementære at
det finst ulike grunnar til at dyr er magre, liten mattilgang, høg produksjon
eller sjukdommar. I dette tilfellet var forklaringa langt framskriden
paratuberkulose. Det var
altså ikkje slik at dyra ikkje fekk føde, men at dei ikkje var i stand til å
ta opp føde.
I
ettertid vart påstanden om underfôring på denne garden blankt avvist av
lokale veterinærar. Det kan også nemnast at Haug har hatt ei yting på geitene
på minst 30 % over gjennomsnittet, og alle med erfaring med geiter veit at det
er uråd å oppnå ein slik produksjon med underfôring. Likevel er det slik at
når eit rykte om vanskjøtsel av dyr først er sett ut, vil det lett hefte ved
bonden og vere vanskeleg eller uråd å drive attende. Meir enn elles gjeld det
når ryktespreiaren er fagperson med tittel og høg posisjon.
Det
nemnde overfor er uthenging eller mobbing av ein yrkesutøvar i landbruket. Det
skjedde i ein situasjon der utøvaren pga dyresjukdommen hadde hamna i økonomiske
problem og uvisse om framtida. Haug har hatt styrke og innsikt til å stå imot,
men ein svak person som hadde vorte utsett for slikt, ville lett bli pressa ut
av næringa og kunne få psykiske problem.
Det
er menneskeleg og oftast tilgiveleg å handle raskt og å feile. Men i dette
tilfellet har Haug framleis ikkje fått eitt ord til orsaking for at han vart
hengt ut på møte, i pressa og overfor kollegaer.
Veterinærar
og anna dyrehelsepersonell skal følgje Lov
om veterinærer og annet dyrehelsepersonell, der dei har ein hovudregel om
teieplikt (§ 20). Dei to refererte tilfella var brot på teieplikta. Det same
gjeld presentasjonen frå Tine-rådgivarar. Når leiande personar i helse- og rådgivings-systemet
bryt teieplikta, smittar det lett nedover i systemet.
Ein
annan bonde etterlyste på eit møte evaluering av prosjektet og fekk lovnad frå
prosjektleiar om å få tilsendt ein rapport. Då han etter ein månad
etterlyste dokumentet, fekk han svar frå prosjektleiar med blant anna følgjande
formuleringar:
”Ser
det for øvrig også som relevant at du ber om en evalueringsrapport av
lidelsene dyra i din besetning gjennomgår ved at du lar dem stå kronisk
infisert med betydelig belastning av både CAE og byllesjuke.
Dette
må også karakteriserast som mobbing. Det
kan nemnast at vedkomande geitebonde har høg yting på geitene og truleg mindre
helseproblem i buskapen enn dei fleste geitebønder.
Også
i lesarinnlegg frå andre stader i landet finn me den oppfatninga at prosjektet
møter enkeltbønder med arroganse og utan vilje til dialog, og ikkje minst med
den grunnhaldninga at alle tilbakefall skuldast slurv og forsømmingar frå
bonden. Like eins er det oppfatninga blant mange erfarne veterinærar på geit
at prosjektet ikkje lyttar til dei. Ein veterinær, Birgit Nielsen i Nordreisa,
seier i Bondebladet 180309 at ho har trekt seg frå prosjektet ”fordi hun
mener prosjektledelsen utviser manglende vilje til å diskutere fag”.
Generelt
vil eg hevde at landets fremste ekspertise på geitehelse er å finne i fire
miljø, i fagmiljøa knytt til veterinærforskinga, i rådgivingstenesta, blant
veterinærar i geitedistrikt og blant erfarne geitebønder. Arbeidet med å
betre geitehelsa er krevjande, og det å dra vekslar på dei erfaringane og
kunnskapane dei to sistnemnde gruppene har, er avgjerande for å nå resultat.
·
Då Bondebladet ville skrive om situasjonen hos Tollef Haug, vart dei
kontakta av ein sentral person i Tine-systemet som bad dei la reportasjen liggje
utrykt. Bladet fekk også krav frå dåverande prosjektleiar om at reportasjen
burde stoppast.
·
På dei fleste møta for geitehaldarar har PFG vorte presentert, men
sjeldan eller aldri med rom for diskusjon og andre synsmåtar. Når
presentasjonen er over, går møtet
over til anna tema eller mat/avslutning.
·
Utvidinga av PFG frå eit mindre prosjekt for å samle erfaringar og til
eit prosjekt som skal omfatte alle geitehaldarar, er vedteke av konsernstyret i
Tine utan høyring og behandling blant geitehaldarane.
·
Støttegruppa til Tollef Haug har sendt mange brev og førespurnader om
møte til Tine (og Norsk Sau og Geit NSG), men med minimal respons.
·
Haug deltok på landsmøtet i NSG i mars 2009, der både han og andre
delegatar prøvde å få i gang ein debatt om PFG, men vart
møtte med tydelege signal frå organisasjonsleiinga om at temaet ikkje
burde opp.
·
Hausten 2008 hadde prosjektet fleire kurs for veterinærar og rådgivarar,
der eitt av temaa var formulert slik: ”Fokus på bevisstgjøring
av rolleforståelse ved (risiko for) ny smitte. Hva for en rolle (hatt) vil en ta i prosjektarbeidet, forholdet
til oppdragsgiver (Friskere geiter), samarbeid med prosjektet under
vanlige forhold eller når det oppstår problemer. Hvem tar en parti med? Tar en
parti? Løsnings-orientering eller syndebukkorientering?” Det er vanskeleg å
oppfatte dette på anna vis enn at målet med temaet er at veterinærar og rådgivarar
skal vise lojalitet til prosjektet om konfliktsituasjonar oppstår. Det at prosjektet utgjer
eit vesentleg tilleggsarbeid for veterinærar i geitedistrikt, fremjar sjølvsagt
denne lojaliteten.
Ut
frå det refererte overfor er det grunn til å hevde at Tine og NSG får sin
informasjon einsidig frå PFG. Bøndene er brikker og ikkje aktørar i dette
spelet.
I
lang tid har informasjonen frå og om PFG vore at alt går på skinner. Når
geitebønder erfarar at det ikkje er tilfelle, og også at informasjon blir prøvd
halden attende som med den nemnde reportasjen i Bondebladet, mister dei tilliten
både til prosjektet og til Tine som demokratisk organ. I ein slik situasjon er
det ikkje til å unngå at dei stiller spørsmål også ved om annan informasjon
frå Tine og dei andre aktørane i systemet er påliteleg og fullstendig, og ei
tillitskrise oppstår.
Erfaringane
med PFG viser at Tine og landbruks-apparatet elles har behov for ein gjennomgang
av eigen bedriftskultur overfor bøndene. Dersom målsetjinga er at bøndene
skal vere sjølvstendige aktørar og at bønders innsikt og synsmåtar skal påverke
handlingar og avgjerder, må tilbakehalding og siling av informasjon og einsidig
dosering ovanfrå erstattast med aktiv dialog og openheit.
Det
trengst også tiltak for direkte kontakt mellom dei bøndene ei sak vedkjem, og
organisasjons-leiingane. Slik det har fungert i tilknyting til PFG, har så å
seie all informasjon vore mellom prosjektet og organisasjonsleiingane.
Like
eins trengst organ for direkte kontakt mellom bønder. I den gruppa eg har vore
med i, trudde me lenge me var åleine om å oppleve problem med PFG. For all
informasjon me fekk frå prosjektet, frå Tine, frå Norsk Sau og Geit og
gjennom landbruks-pressa tydde på at helsearbeidet i alle andre distrikt gjorde
store framsteg. Etter kvart fekk me kontaktar andre stader og opplevde at vår
situasjon var normal heller enn unntaket. Viss ikkje landbruksorganisasjonane
sikrar openheit, fullstendig informasjon og dialog, vil eigne grupper av yrkesutøvarar
etablere seg. Det gagnar neppe norsk landbruk.
PFG
går ikkje på skinner. Når det gjeld CAE, har det vore få tilbakefall. Uvissa
rundt paratuberkulose er framleis stor. Ei
rekkje sanerte buskapar har byllesjuke. I 67 av 89 buskapar er det ved nyleg prøvetaking
påvist antistoff mot sjukdommen.[1]
Informasjonen
frå PFG har endra seg det siste året. Dei viktigaste endringane er:
·
Medan ansvarsforholdet mellom prosjekt og saneringsbonde før var
uavklara, blir det no presisert at all sjukdomsbekjemping og all utrangering av
dyr som er sjuke eller testar positivt
til dømes mot byllesjuke, er bondens eineansvar. Om noko går gale, kan altså ikkje bonden vise til
veikskapar ved retningslinene, han har forplikta seg til å bere børa sjølv.
·
Medan prosjektet før formidla kje til sanerte buskapar, hadde lister på
sine nettsider over godkjende buskapar for sal av kje og kravde at bønder etter
sanering forplikta seg til å selje livkje til andre bønder som sanerte,
heiter det no at bonden sjølv er ansvarleg for eventuell livdyrhandel.
·
Medan livdyrhandel før skulle skje i stort omfang, heiter det no at
handel med livdyr skal begrensast til eit minimum. Hovudmetoden er altså
snapping i eige fjøs.
·
Den direkte kontakten mellom bonde og prosjektleiing er redusert, no
skal bonden forhalde seg til rådgivar og veterinær, som skal forhalde seg til
prosjektleiinga.
Bonden
har altså fått eit langt tyngre eigenansvar, og prosjektet har sikra seg mot
at dei skal kunne stillast til ansvar ved tilbakefall og problem. Noko av
bakgrunnen er at prosjektet etter alt å dømme har formidla omfattande sal av
kje med byllesjuke.
Eg
har ikkje sett ferske tal for påmeldingar til prosjektet, slik at det gjenstår
å sjå om bønder vil bli med på sanering med dei reviderte retnings-linene.
Mykje talar for at dei fleste vil synast at risikoen og den økonomiske og
arbeidsmessige belastninga er for stor og gevinsten for liten.
Dette
synest også vere tenkinga bak prosjektet. Difor blir det antyda stadig oftare
og tydelegare at geitebønder ikkje har noko val, for om nokre år vil sanering
bli obligatorisk. Altså er det lurt av oss å sanere no, medan det er tilskot
å få. Ventar me, må me rekne med å bere heile børa sjølve.
Etter
mitt skjøn vil det vere ugjerleg å få alle geitebønder til å sanere
frivillig. Til det er resultata for usikre og
den økonomiske belastninga og arbeidsbøra for stor. Om tiltaket blir
pressa gjennom, vil det føre til sterk nedgang i tal geitebønder. Truleg vil
eit tresifra tal gardsbruk i utkant-Norge bli nedlagde eller gå over til andre
produksjonar.
Har
Tine BA og/eller Mattilsynet heimel for å tvinge gjennom sanering? I og med at
det ikkje er påvist kvalitetsskilnader mellom mjølk frå buskapar som har
sanert og buskapar som ikkje har sanert, vil tvangstiltak i form av prisskilnad
på mjølk eller mottaksnekt stri mot norsk og internasjonal
konkurranselovgiving. Like mykje vil det stri mot det historiske grunnprinsippet
bak mjølkesamvirket om at alle produsentar skal behandlast likt (sjå til dømes
Berge Furre: Mjølk, bønder og tingmenn, eller
Bergh, Espeli og Rønning: Melkens pris: perspektiver på
meierisamvirkets historie).
Derimot
kan det kanskje finnast fagleg grunnlag for ei oppgradering av CAE til B-sjukdom
og at Mattilsynet stiller krav om at CAE-infiserte geiter blir fjerna. Men ein
slik situasjon kan ikkje møtast med krav om at alle skal sanere i tråd med PFG.
I staden trengst ein handlingsplan for å utrydde eller redusere denne
sjukdommen. Det er ei langt enklare oppgåve enn dagens sanering, sjå seinare.
Konklusjonen
på dette delkapitlet er at prosjektets framtid avheng av at saneringa gir
positive resultat, slik at bønder blir overtydde om at sanering er fornuftig.
Viss ikkje det skjer, er full sanering av den norske geitebestanden mest truleg
ei ugjennomførleg oppgåve. Blir det pressa gjennom, vil det føre til stor
nedgang i talet på geitebruk.
Det
handlar altså om tre geitesjukdommar, byllesjuke, paratuberkulose og CAE, og i
ei seriøs sjukdomsbehandling bør me sjå på dei kvar for seg.
Det
er grunn til å tru at metoden sanering ikkje fungerer når det gjeld byllesjuke.
Til det er testmetodane for usikre. Når byllane er innkapsla eller sjukdommen så
utbreidd at geita ikkje lenger produserer antistoff i tilstrekkelege mengder,
gir ikkje ELISA-testane utslag. Inntil me får meir kunnskapar og nye metodar, må
geiter leve med sjukdommen.
Truleg
er det heller ikkje av dei store problema i geitehaldet. I min buskap har me
hatt nokre utbrot av byllesjuke kvart år. Geiter får byllar utan at dei blir
synleg sjuke, det går hol på dei eller me punkterer dei, og det er over. Vår
mest erfarne geiteveterinær seier han har behandla ein stad mellom 5 og 10
geiter for byllesjuke i si tid. Geitebønder andre stader i landet gir uttrykk
for omtrent same erfaringa.
Når
det gjeld paratuberkulose, som finst hos geit i seks sørnorske fylke, er
smittevegane vanskelege å finne og sjukdommen vanskeleg å bekjempe. Uvissa er
ekstra stor fordi paratuberkolose kan finnast hos alle drøvtyggjarar og spreie
seg frå dyreslag til dyreslag, og geiter på beite er vidfarande dyr. Eg saksar
litt frå Moredun Research Institute i
Edinburgh, som har forska på sjukdomsspreiing mellom sau og hjort i Skottland,
innlegg på den 4. internasjonale kongressen for saueveterinærar (mi omsetjing):
Eksistensen
av villdyrbestandar og kva dei har å seie for spreiing av paratuberkulose har
stort sett vorte ignorert. Men dersom villdyr har sjukdommen og kan utgjere ei
smittekjelde til husdyr, vil dagens kontrollstrategi med å påvise sjukdommen
og avlive sjuke dyr i det lange løp vise seg ineffektiv, og vaksinering kan
framstå som ein betre eigna metode.
Det
kanskje verst tenkjelege scenarioet er at ein geitebuskap får paratuberkolose
etter sanering, ein reinsflokk kjem i kontakt med møkk frå dyra, og sjukdommen
smittar til reinen.
Vaksinering
av kje er effektivt, billig og etter det som er kjent, utan skadeverknader. Ein
eventuell risiko for skadeverknader ved vaksinering må altså vegast mot
risikoen for sjukdomsutbrot på geiter, andre husdyr og villdyr utan
vaksinering. I ei slik veging er det vanskeleg å konkludere på anna vis enn at
vaksinering bør halde fram til dess kunnskapane om sjukdommen har vorte høgare
og me kan føle oss sikre på at ein utryddingsplan vil fungere. Før me har nådd
dit, er det ein risikosport å kutte ut vaksineringa.
Att
står virussjukdommen CAE. CAE kom truleg med geiteimport på syttitalet,
kanskje med Saanen-geiter, og spreidde seg i ekspressfart fordi bøndene fekk
det rådet å fryse ned dei siste mjølkemåla om hausten og gi dei til kjea utpå
vinteren. CAE spreier seg gjennom
mjølka, og difor også når kje ammar infiserte geiter. I miljø med sterkt
smittepress kan han også spreie
seg ved andre kroppsvesker. No har bruk av samlemjølk til kje teke slutt, og
det finst knapt geitemiljø med eit så sterkt smittepress for CAE i Norge i
dag.
Den
dominerande spreiingsvegen og påliteleg prøvetaking gjer at CAE etter det eg
forstår er ein lett sjukdom å bekjempe. Prøver av tankmjølk fortel kva for
buskapar som har sjukdommen. I desse buskapane må prøver takast frå kvart
enkelt dyr. Bonden slaktar dei infiserte dyra når mjølkesesongen er over, og
han vil mest truleg vere kvitt sjukdommen. Somme treng nok to eller tre år. Eg
trur ingen geitebonde ville motsetje seg slike tiltak.
Såleis
kan me nå same resultatet – utrydding eller sterk svekking av CAE – på ein
langt enklare måte enn med total utskifting av den norske geitebestanden. Me
kan nå målet med ein brøkdel av kostnadene. Medan det tek mange år før alt
geitehald eventuelt er sanert, kan me utrydde eller nesten utrydde sjukdommen i
løpet av eit par år. Og ikkje
minst: Geitebøndene vil oppleve mindre frustrasjonar og mindre uvisse.
Så
kan dei pengane og den arbeidsinnsatsen som blir spara, nyttast til forsking på
geitesjukdommar og innsats for å betre fjøs- og utemiljøa for geitene.
Om
eg i det føregåande har kritisert PFG og ei rekkje avgjerder der, må eg også
nemne at eg trur prosjektleiar og medarbeidarar gjer sitt beste i arbeidet.
Problemet er at målsetjingane for prosjektet ikkje er realiserbare. Likevel
blir desse målsetjingane sett på som sjølvsagde og er ikkje gjenstand for
debatt. Spørsmål som burde vore drøfta kontinuerleg i prosjektet, er:
1.
Er det realistisk å utrydde paratuberkulose med total sanering som
metode, når kunnskapsnivået om sjukdommen er lågt, prøvetakinga er usikker,
geiter er meir vidfarande enn alle andre husdyr og sjukdommen smittar frå
dyreslag til dyreslag? Og når det samstundes er eit mål for geite-haldet og
sentralt i marknadsføringa av geite-produkt at dyra beiter i utmark og
fjellterreng?
2.
Er det realistisk å utrydde byllesjuke med sanering som metode, når
kunnskapsnivået om sjukdommen er lågt og prøvetakinga er usikker?
3.
Har sanering skadeverknader til dømes i form av svekt immunforsvar hos
dyra?
Men
desse spørsmåla blir ikkje drøfta. I staden blir svara tatt for gitt, at måla
er innan rekkjevidde og skadeverknader
ikkje eksisterande eller ubetydelege. Og at
om det ikkje går etter oppskrifta, er det bonden som sviktar og ikkje
oppskrifta som er feil.
Kritikken
bør først og fremst rettast mot oppdragsgivarane, Tine BA og Norsk Sau og
Geit. Dei har fått mange signal frå geitebønder og truleg veterinærar om at
prosjektet er på eit blindspor. Det same har avtalepartane, som finansierer
stordelen av arbeidet. Dei er ansvarlege for at midlane blir brukte til
fellesskapets beste. Det vil vere eit nederlag ikkje berre for geitehaldet, men
for heile landbruket om eit tresifra milliontal kroner, stor arbeidsinnsats frå
Tine og både arbeidsinnsats og pengar frå geitebønder blir nytta på måtar
som ikkje gir resultat i form av betre dyrehelse.
Vats
i Ål 7. mai 2009
Olav
Randen, Vats, 3570 Ål
e-post
boksmia@online.no,
telefon 3208 4398 eller 9764 9765
[1] Saneringsnytt 1-2009