Banner Banner Banner Banner

Kalender

  September 2018
Ma Ti On To Fr
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
       

Ønsker driftsvansketilskudd velkommen!

01.05.2018 | Skrevet av Ole G. Hertzenberg

Med eit lite hav av små teigar i bratt terreng, er det arbeidskrevjande drift for bonde Gunnar Haugo i Rauland. Han trur det foreslåtte driftsvansketilskotet kan bli essensielt for vidare drift i norske fjellbygder, skriv Nationen.

- Ein må vere idealist for å drive her, smiler Gunnar Haugo.
Utan odel slo den i dag 55 år gamle mannen seg ned i ei skråning i Vå utanfor Rauland i Telemark.
- For 30 år sidan var det eit langt, ubleikt lerret framfor meg. Så går det eine tiåret etter det andre, og plutseleg nærmar eg meg pensjonsalder.

Utsikt av ei anna verd
Utsikta åleine gir eit innblikk i kvifor Gunnar og familien blei verande, skriv Nationen. Den er av ei anna verd. Frå dei høge, omkringliggande fjella snirklar snøen seg ned til innsjøen Totak. Også 700 meter over havet har våren så smått dukka opp, der Gunnar Haugo og Yvonne Minde Pereira held geiter, sauer og kyr – både NRF og verneverdige telemarksfe.
- Av og til føler eg vi strevar litt vel mykje. Det er svært tungvint og ein stor kostnad å hauste fôr, det er eit arbeid vi brukar heile sommaren på. Det hadde aldri gått dersom vi ikkje dreiv saman med sonen vår, han køyrer traktor og pressar rundballar. I tillegg er det to mjølkeproduksjonar, hadde vi ikkje vore to i fjor veit eg ikkje om eg hadde orka, seier Gunnar.


Hard treningsøkt: Gunnar Haugo held sauer, geiter og kyr i terreng som er heller bratt.  Sidan jorda
ligg på 25 forskjellige stader er innhaustinga langt frå enkel. Foto: Siri Juell Rasmussen.

 

 

 

 
Norsk Sau og Geit nsg@nsg.no                
Org. nr.: 970 134 808
Besøksadresse Moerveien 2A               
N-1430 Ås
Postadresse Postboks 104                
N-1431 Ås
Kontakt Tlf.: (+47) 23 08 47 70