Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag, opna fagsamlinga med fokus på blant anna utfordringane komande år.

Vidare i programmet var me innom:

- Grasproduksjon med slåttetidspunkt, handtering og ensilering med Sverre Heggeset frå NLR.

- Levering og salg av kjekjøtt med Johannes Nedrebø og David Mats Edenværn frå Nortura.

- Jurhelse med Bente Axelsson i Tine Rådgiving.

- Norsk for til norske geiter, der Helga Kvamsås frå Tine Rådgiving tok føre seg blant anna prosjektet med redusert kraftfor i beitesesongen.

- Nofence med Oscar H. Berntsen. Erfaringane med lydgjerde til no.

- Kystgeita – Historie, helse og driftsform, med Helge Borgund og Kjetil Friberg.

- Strategiplan geit med nytilsett Sophie Gauguin, forretningsutviklingssjef geit i Tine. Sådde nytt håp i forsamlinga med eit inspirerande føredrag med nye tankar og idear. Geitebøndene set pris på at Tine har tilsett Sophie som har fokus kun på geit. Me ser fram til ein stadig auke i etterspurnad av norsk geitemjølk.

Alle innlegga ligg på heimesida til Sogn og Fjordane Sau og Geit.

Geitegruppa i S og Fj Sau og Geit. V/Sigurd Vikesland

 maskiner og jord Jølster 16

 Optimal grashøsting m fortørk-jølster 16

Presentasjon Bondelagsleiar

Presentasjon Nortura

 Ensilering Jølster 16

Jurhelse geit

Kje-kampanje 2017

Geitehelg Norsk fôr til norske geiter