Banner Banner Banner Banner

Aktivitetskalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

De første 10 årene

Skiping av Buskerud sau og geitalslag

Dei første åra etter den andre verdskrigen var ei nyskapingstid som ein ikkje har maken til i soga vår. Organisasjonar som hadde vore i verksemd før krigen, vart omorganisert og nye vart skipa. Ein av desse nye var Norsk sau‑ og geitalslag. Skipingsmøte vart halde i Oslo den 12. mars i 1947.
Lokallag utover i landet kom i åra etterpå, og etterkvart vart det bruk for, og naturleg, å organisera desse i fylkeslag.
Det høver å gje att noko av det fyrste referatet i møteboka for Buskerud sau‑ og geitalslag:
"År 1950, den 18. februar ble det holdt møte på Grand Hotell, Hønefoss for å danne fylkeslag for sauealerne og geitealerne i Buskerud. Fylkesagronom Rudi hadde sendt innbydelsen til sau‑og geitalslagene i Buskerud.

Det møtte følgende representanter fra lokallaga:
Hol, vestre sau og geitalslag: Torleiv Tufto
Ål sau og geitalslag: Torleiv Nestegard
Vats sau og geitalslag: Syver Skarsgard
Gol sau og geitalslag T. Bergheim
Nes sau og geitalslag: Knut Sevre
Rollag sau og geitalslag: 0. G. Stærnes
Eggedal sau og geitalslag: Helge Båsen
Krødsherad sau og geitalslag: Smith Meyer
Norderhov arbeidsnemnd: Knut Helling
Flå sau og geitalslag: Gunnar Trommald

Fylkesagronom Rudi ble valgt som møteledet og Knut Helling som sekretær.

Møtet vedtok samrøystes "å danne fylkeslag for Buskerud", og ein vedtok "normallov for fylkeslag knytt til Norsk sau‑ og geitalslag" med små endringar, som lov for laget. Som første formann vart vald Syver Skarsgård frå Vats, og han fekk med seg i styret Jens Dragalid, O.G. Stærnes, Lars Vidvei og Knut Sevre.
På fyrste styremøte den 13. juni s.å. møtte også fylkesagronom O. M. Rudi, "som er oppnevnt som Buskerud Landbruksselskaps representant i styret". Dette møtet valde Rudi til sekretær i fylkeslaget, og med dette hadde fylkeslaget spent for eit tospann: Syver Skarsgård og O. M. Rudi som kom til å dra lasset i fylkeslaget i mange år.

P.S. Syver Skarsgård og O. M. Rudi fekk begge på årsmøtet i 1966 fylkeslaget sitt diplom for sin innsats.

 
Buskerud Sau og Geit Org. nr.: 911987562
Leder: Gerd Jorde, telefon: 41420811
Postadresse: Espesetvegen 165, 3540 Nesbyen
E-post: gjorde@online.no
Kasserer: Knut Reidar Bråten, telefon: 95093800
Postadresse: Nordre Sammen, 3536 Noresund
E-post: re-braat@online.no