Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mars 2019
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
       

Siste publiserte artikler

Gjetarhundkurs i Rosendal

13.02.2019 | Skrevet av Ivar Haug

Hordaland Gjetarhundnemd inviterer til storkurs på avlsgarden i Rosendal, helga 09. - 10. mars. 

Oppstart laurdag kl 10, med ca ein time teori, før ein går i gang med praktisk arbeid. Avslutning sundag kl 16.

Kurset vil føregå på 5 forskjellige treningsfelt, og vil så langt som råd tilpassast den enkelte sitt nivå og behov. Krav til deg som deltakar er at hunden skal kunna dekk og innkalling. 

Målgruppa er deg som ynskjer å læra meir om bruk av gjetarhund, få hjelp til treningsmetodar, og læra å bruka hunden din i praktisk arbeid heime på garden. 

For dei som ynskjer vert det også moglegheit for å læra litt om å gå ein gjetarhundprøve.

For at nemnda i forkant skal kunna fordela deltakarane i effektive grupper, vil me ha kort info ved påmelding:

- alder på hund

- kor langt hunden er kommen

- kor mykje erfaring har førar

- kva fungerer og kva fungerer ikkje

- mål med kurset

Gjetarhundnemda i Hordaland ynskjer å stimulera til nyrekruttering i fylket, og vil spandera gratiskurs på førarar under 18 år.

Pris for kurset: kr 1600,-      (under 18 år gratis)

For deltakarar utan hund: kr 800

Betaling innan 05. mars via bankkonto: 3480 12 94253

Påmelding innan 05. mars til Jan Tore Veland på e - post: jtveland@online.no

Ved spørsmål, kontakt Ivar Haug, tlf: 97150041 eller e - post: ivar@voss-bygg-anlegg.no

Vel møtt til ei kjekk helg i Rosendal!

Gjetarhundnemda

 
Hordaland Gjeterhundnemnd
Org. nr.: 992113189
Kontakt leiar gjetarhundnemnda Ivar Haug Tlf.: (+47) 97 15 00 41