Banner Banner Banner Banner

Kalender

  November 2019
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930 
       

Stein Dalland og Bob vart årets fylkesmeister

15.10.2019 | Skrevet av Ivar Haug

Etter ein flott dag med gode forhold i Eidfjord, var det Stein Dalland og Bob som til slutt trakk det lengste strået og vart kåra til fylkesmeister 2019. 

Fylkesmeisterskapen 2019 gjekk av stabelen i Eidfjord, laurdag 5. oktober. Fint vær og ein solid arrangørstab sette ei fin ramme rundt arrangementet. Gunnar Lægreid stilte med sau av type NKS. Banen var oversiktleg og bra, og konkurransen føregjekk med merka dyr og deling. Årets dommar var Bjørn Ola Vaagaasarøygard frå Lom i Gudbrandsdalen. 

Sauene gjekk jamt og fint gjennom heile dagen. Utfordringa viste seg å vera og få sauen på kve, så tevlinga var spennande til siste slutt. 24 ekvipasjar stilte til start på årets fylkesmeisterskap, men til slutt var det Stein Dalland og Bob som tok ein overlegen siger med 91 poeng. Sander Hindenes med Træet`s Tib vart nr. 2 med 83 poeng og Sindre Hindenes med Træet`s Ted tok tredjeplassen med 83 poeng. 

Etter at fylkesmeisteren var kåra var det i tillegg klasse 1 og 2. I klasse 2 stilte 5 ekvipasjar til start, 3 av desse kom seg gjennom banen, men ingen fekk over 60 poeng og godkjent prøve. I klasse 1 vart det 4 ekvipasjar, 3 av desse fekk godkjent bruksprov. 

Utpå dagen var det høve til å kjøpa seg lapskaus, kaffi og noko godt å bita i. Takk til arrangørane for ein flott dag!

 

 

 
Hordaland Gjeterhundnemnd
Org. nr.: 992113189
Kontakt leiar gjetarhundnemnda Ivar Haug Tlf.: (+47) 97 15 00 41