Forsiden
  
Søk i nettstedet:


Forsiden
Aktivitetskalender
Medlemsfordeler
Om NSG
Kontakt oss
Nyheter
Sau
Geit
Beitebruk
Helse og velferd
Livdyrhandel
Gjeterhund
Medlemsbladet
Økologisk småfehold
Økonomi
Grovfôrdyrking
Arealkrav og nybygg
ØkoGeit
ØkoSau
Økonomi
NSG Semin
Diskusjon
Fotoalbum
Webannonser
Sidekart

  About NSG About NSG
 
ma ti on to fr


Sist oppdatert: 09.09.2010
les merSe liste over 15 siste

Last ned Adobe Reader
Økologisk småfehold

I følgje dei to siste regjeringserklæringane (Soria Moria I & II) skal det vere ei satsing på økologisk landbruk her i landet. Målet er at 15% av all produsert mat i Noreg skal vere økologisk i 2020. Sauehaldet har vore særs prioritert i so måte fordi dette i utgongspunktet er ein produksjon som er enkel å legge om.

Les mer

Argumentet for dette har vore at sau et hovudsakleg grovfôr og er på utmarksbeite heile sommaren. No har det imidlertid vist seg å vere ein del skjær i sjøen då folk må rekne med rundt 30% avlingsnedgong, samt at arealkravet for sau om vinteren er heva frå 0,9 m2 per vinterfôra i konvensjonell drift til 1,5 m2 per vinterfôra ved økologisk drift. Andre skjær har vore stivbeint regelverk i kombinasjon med at den auka meirprisen for  økologisk ikkje har stått i høve til det ein taper på omlegging.

            NSG og Regjeringa Stoltenberg II har like fullt økologisk landbruk som satsingsområde. Eigentleg er det ikkje problem ein står overfor om ein vil nå målet, berre politisk vilje eller uvilje.

Les meir om Soria Moria her: Soria moria økologisk

            Økosau-prosjektet er eit prosjekt som starta i 2006 etter at partane i jordbruksoppgjeret kom til semje om at ”ein vesentleg del av saue- og lammekjøtproduksjonen etter kvart vert økologisk”. Det vart etter dette nedsett ei prosjektgruppe med Kjersti Berge frå Landbrukets Rådgjevingsteneste som prosjektleiar. Norsk Sau og Geit har vore involvert i desse møta og i tillegg vore med på eit prosjekt for å løyse problemet knytt til arealkrav. Her vart det presentert fleire løysingar på eit fagmøte i Bergen, med uteareal som ein del av totalarelet.

Les meir om fagmøtet i Bergen her: Fagmøte arealkrav

Eit av ankepunkta mot økologisk landbruk er at me ikkje kan fortsetje å satse på økologisk landbruk i ei verd som manglar mat og som berre får fleire munnar å mette. No er beitebruk i Noreg i utgongspunktet ei ekstensiv driftsform, og det er store areal som vert brukt for å produsere mat. For å lukkast som økologisk bonde må du vere ein dyktig agronom. Dette gjer at mange av dei som dyrkar grovfôr økologisk, får betre resultat enn mange konvensjonelle bønder. Eit anna aspekt er at det økologiske landbruket legg mange føringar for korleis det er mogleg å drive økologisk. Både med tanke på kor mykje ein kan få ut ifrå ein dekar dyrka mark og korleis ein skal komme unna ugrasproblematikk. Det skjer mykje spanande forsking og utvikling på økologisk som kjem det konvensjonelle landbruket til gode, og sjølvsagt, vise versa.

Les meir om ØkoSau-prosjektet her: www.lr.no/prosjekter/oekosau

Les meir om det første ØkoSau-prosjektet her: www.okosau.no

Les meir om ØkoGeit-prosjektet her: http://fylkesmannen.no/hoved.aspx?m=26559

 

 
ØkoSau



« tilbake       Print Skriv ut
 
Telefon:
Telefax:
E-post:
Powered by i-tools
Annonsere  annonse  Annonsere
Utviklet av: Flash-IT