Kurs 1  tek føre seg lamming og tida før og etter lamming. Kurs 2  tek for seg tida rundt og etter innsett. Kursa er lagt opp med fleire fjøsbesøk der vertane orienterar om sine opplegg. Under kursa vert og økonomi og byggning teke opp. 

 

Me skal laurdag 28. mars og søndag 29. mars ha ei samling i Ørsta hjå Odd Bjarne Bjørdal.

Me startar på hotell Ivar Åsen laurdag kl 12.00 med lunch og litt ”bli kjent”. Deretter ber det ut i fjøsen til Odd Bjarne og evt ein fjøs til.

Hovedtema er altså lamminga som går føre seg på denne tida , men det er klart at når ein først er i fjøset ser ein også litt på fjøsløysingar, og opplegg elles. Laurdag kveld middag med sosialt samvær

Søndag 29.mars er dyrlegen sin dag.  Han vil då vil ta for seg problem i  og kring lamminga. I tillegg til dyrlegen vil me få ein seanse om avl og avlsopplegg på sau.

Me har fått gode tilbakemeldingar på dei to første kursa og me vil prøve å gjere dette tredje om muleg endå betre.

Interesserte,- anten det er slike som har vore med før eller slike som ikkje har vore med tidlegare,- er hjerteleg velkomne og kan melda seg på  til:

Kursavgift kr 750 pr deltakar. (inkluderar overnatting og mat for heile kurset.

Magnus Skjerdal 70041077/ 95796762  e-post:
magnus.skjerdal@tussa.com        eller
Olav Sørstrand  71542602 /95852754   e-post:
o-soerst@online.no