Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2012
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324 252627
282930 31   
       

NSG-lover

NSG vedtok nye lover for lands-, fylkes- og lokallag 25. mars 2009. Her kan du lese og laste de ned fra nettet. Under følger Kap. 1, Overordna mål.

Last ned lovene her ( pdf, 195kb)

KAP. 1 OVERORDNA MÅL

§ 1 Formål
Norsk Sau og Geit skal arbeide for å fremje eit rasjonelt og lønsamt sau- og geitehald, tryggje beiteretten og stimulere til samarbeid i produksjon og omsetnad. Vidare skal det arbeidast for å auka bruk av norske småfeprodukt og fremje småfehaldet i samsvar med god dyrevelferd, naturvilkår og marknadstilhøve.

§ 2 Organisasjonsform
Medlemene i Norsk Sau og Geit vert organisert i lokale lag av NSG. Dei lokale laga i eit fylke skal slutte seg saman til eit fylkeslag.
Fylkeslag og lokale lag er arbeidsorgan for NSG og skal arbeide i samsvar med lover og vedtak fatta i samsvar med dette.

§ 3 Medlemskap
Alle medlemskap i NSG er direkte og personleg. Enkeltpersonar kan stå som direkte medlemer i NSG.

§ 4 Plikter
Gjennom medlemskap i NSG må alle følgje vedtak som organisasjonen gjer i samsvar med lovene. Medlemer skal ta imot val og oppgåver gjort i landsmøtet, og årsmøtet i fylkes- og lokallag og arbeide for formålet i §1. Det kan nektast attval for like lang periode som ein har fungert i tilsvarande eller andre verv.

§ 5 Valdgift
I tilfelle tvist mellom NSG og medlem/medlemer om forståing av desse lovene eller vedtak i organisasjonen, kan tvisten løysast ved valdgift.
Høgsterettsjustitiarius oppnemner valdgiftsretten sin leiar og dei to interessegruppene kvar sin medlem. Krav om valdgift må reisast innan 3 månader etter ein er gjort kjend med vedtak.

§ 6 Medlemskontingent
Landsmøtet, vekselvis representantskapsmøtet i mars i år det ikkje er landsmøte, fastset kontingent for komande år.
Personar som er knytt til same bruk som medlem, kan betale redusert kontingent, husstandsmedlem. Ved deltaking i samdrift må deltakarane som vil vere medlem betale kontingent ut frå dyretalet i samdrifta delt på deltakaren sin eigardel. Støttemedlem utan medlemsblad betaler same kontingent som husstandsmedlem. Abonnenter/støttemedlem med medlemsblad betaler same kontingent som hovedmedlem med 0-50 dyr. Styret gir nærare reglar for innkrevjing av kontingent.
Landsmøtet/representantskapsmøtet gjer vedtak om fordeling av kontingent mellom sentralleddet, fylkes- og lokallaga.
Kontingenten skal betalast innan 1. mars for inneverande år.
Fylke som vedtek innkrevjing av tilskot frå medlemmene til eige fylkeslag kan gjere det, men ikkje kalle det for kontingent. 

§ 7 Reaksjonar frå NSG overfor eit medlem
Medlem som bryt lovene til organisasjonen, handlar illojalt eller på anna vis sviktar eller opptrer i strid med formålet for NSG, lover eller vedtak, kan av styret i NSG utelukkast som medlem. Styret kan i mindre graverande tilfelle vedta andre reaksjonar. Medlemen kan anke styret si avgjerd inn for representantskapet. Ankefrist er 3 månader etter at medlemen er gjort kjend med vedtaket. Den som har anka ei sak inn for representantskapet har krav på å få gjere greie for saka si i representantskapet før dette treffer si avgjerd.
 

 
Norsk Sau og Geit nsg@nsg.no                
Org. nr.: 970 134 808
Besøksadresse Moerveien 2A               
N-1430 Ås
Postadresse Postboks 104                
N-1431 Ås
Kontakt Tlf.: (+47) 950 96 060               
Faks: (+47) 64 94 17 04