Mange har i år hausta mindre grovfôr enn normalt. Det er eit klart mål å auke produksjonen av lammekjøt i Hordaland og då er det særs viktig at vi unngår reduksjon av søyetalet. Ny Giv vil i desse møta gje fagleg påfyll om kva som er god økonomisk fôring ved ulike grovfôrsituasjonar.


Det vert møte mange stader og er planlagd følgjande datoer:

  • Knarvik 14. okt, Nordhordlandshallen kl 19.30
  • Voss 15. okt, Voss Jordbruksskule kl 19.00
  • Kvam 16. okt, kafe Sutalaus i Øystese, kl 19.30
  • Sveio 16. okt, Vigdartun, kl 19.30
  • Stend 17. okt, Jordbruksskolen i auditoriet, kl 19.00
  • Etne 17. okt, Grønstad skule, kl 19.30
  • Kinsarvik 21. okt, Hardangertun, kl 19.30-21.30
  • Hatlestrand 22. okt, Hatlestrand skule, kl 19.00-21.30

NB! Det vert ikkje møte i Odda, her har vi dessverre ein trykkleif i Bondevennen!

Program:

  • Vel møtt vel lokallagsleiar
  • Informasjon frå Ny Giv
  • Grovfôr og økonomi i vinterfôring av sau v/Landbruksrådgivinga
  • Fôring av sau v/Felleskjøpet

 

Arr: Møta vert arrangert i samarbeid med lokallaga i Hordaland Sau og Geit, Landbruksrådgjevinga og Felleskjøpet.