Den 7. og 8. januar held NyGiv fagmøte med Harald Pedersen frå Tveit Rekneskap. Pedersen driv sjølv med sau og vil kome med nyttig informasjon og dømer på korleis drifta påverkar økonomisk resultat.

 

Vel møtt til desse møteplassane:

Onsdag 7. januar, Øystese, kl 19.00 på Makalaus (kjellaren til Sutalaus, inngang på baksida)

Torsdag 8. januar, Stend jordbruksskule, kl 19.00

 

Du får sjølvsagt kaffe og noko å bite i!