Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2019
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031    
       

Årsmelding for Breim sau og geit. Arbeidsåret 2018.

29.01.2019 | Skrevet av Vidar Sandal

Årsmelding for Breim Sau og Geit.

Arbeidsåret 2018.

 

Norsk Fjordhestgard torsdag 31. Januar .

Årsmøte start kl. 20.00.

 

Sakliste:

  1. Val av møteleiar.
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  3. Val av skrivar og 2 personar i tillegg til møteleiar å skrive under møteprotokoll.
  4. Årsmelding.
  5. Rekneskap.
  6. Jan Erik Fløtre frå Nortura deltek i diskusjonen om situasjonen rundt kjøtsesongen 2018. 
  7. Arbeidsplan
  8. Innspel til jordbrukstingingar frå Breim.
  9. Skal Breim sau og geit planlegge ei samanslåing med Gloppen sau og geit mot neste år?
  10.  10.Val. Styre, Revisor, Valnemnd. Velge 2 utsendingar til fylkesårsmøtet med varaperson.

 

 

Årsmelding for Breim Sau og Geit.

Arbeidsåret 2018.

 

pastedGraphic.png

Norsk Fjordhestgard torsdag 31. Januar .

Årsmøte start kl. 20.00.

 

Sakliste:

  1. Val av møteleiar.
  2. Godkjenning av innkalling og sakliste.
  3. Val av skrivar og 2 personar i tillegg til møteleiar å skrive under møteprotokoll.
  4. Årsmelding.
  5. Rekneskap.
  6. Jan Erik Fløtre frå Nortura deltek i diskusjonen om situasjonen rundt kjøtsesongen 2018. 
  7. Arbeidsplan
  8. Innspel til jordbrukstingingar frå Breim.
  9. Skal Breim sau og geit planlegge ei samanslåing med Gloppen sau og geit mot neste år?
  10.  10.Val. Styre, Revisor, Valnemnd. Velge 2 utsendingar til fylkesårsmøtet med varaperson.

 

Breim sau og geit har i dag 35 medlemar.

Det har vore 3 styremøter i arbeidsåret og behandla 10 saker.

Styret i arbeidsåret har vore følgande:

 

Styremedlemer

Funksjon

Innvald

På val

Vidar Sandal

Leiar

2012

2020

Jonfin Bø

Nestleiar

2012

2020

Atle Støyva

Sekretær

2015

2019

Jørn Arne Vanberg

Kasserar

2016

2020

Johnny Frøystad

Styremedlem

2017

2019

Asle Johnny Flølo

Styremedlem

2015

2020

Janne Håheim

Styremedlem

2018

2020  

 

 

 

 

 

 

Varamedlemer

 

 

 

Jørn Inge Kandal

1. vara

 

 

Sebastian Skinlo

2. vara

 

 

Unni Øen

3. vara

 

 

 

 

 

Revisorar

 

 

 

Olav Skinlo

 

 

 

Lars Myklebust

 

 

 

 

 

 

 

Valnemd

 

 

 

Atle Løvland

1. år Leiar

 

 

Per Kandal

2. år

 

 

Pål Sandal

3. år

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Småfeåret 2017.

 

Småfenæringa er inne i ei turbulent tid med overproduksjon på lammekjøt og med 3000 tonn sau og lammekjøt på reguleringslager ved nyår 31.12 1018.

I skrivande stund i slutten av Januar melder Nortura ei underdekning på 600 tonn…

Vi opplever rekordlave sauekjøtprisar og erfart at 1000 tonn sauekjøt gjekk til revefor.

Dette er ikkje ei god løysing for sauenæringa sitt omdømme og for verdisetjinga for sau og lammekjøt inn i framtida.

Vi opplevde ein rekordtørkesommar i 2018. Dette gav utfordring for ein del beiteområder kor sauene trekte inn i nye områder for å søke friskare beitemark og drikke i beite.

Ein sesong med sauer på avvege i nye beitområder og enkelte som opplevde å seint på haust, finne sauer i områder som dei tidlegare ikkje hadde bevegd seg i.

Vi er ei lita næring og styret i Breim sau og geit vil oppmode småfemiljøet om å helse inn om kvarandre i ei økonomisk utfordrande tid. Det er viktig at miljøet held saman og hjelper kvarandre både i det daglege og når ein treng ei handsrekning ved utfordrande sankesituasjonar ut over hausten. Ein må behalde denne kulturen med å hjelpe kvarandre no i ei tid kor pressgrupper jobbar aktivt inn mot dyrehald og kjøt som ei viktig råvare i det daglege hushaldet.

Det er viktig å jobbe for ein fortsatt aktiv produksjon av matvarer og tjenester rundt i fjordar og dalstroka våre. Om den tidlegare varsla landbruksmeldinga hadde blitt vedteken ville det ført til eit geitmjølksmiljø som hadde vorte sterkt redusert. I dag er det kun 271 aktive geitmjølksprodusentar i heile Norge. Geitnæringa opplever ei tid med for lite sal av produkta og ein kvote som var på 97% i 2018 som er bestemt redusert ned til 94% av kvoten i 2019.

Breim Sau og Geit har vore inne i ein bra aktiv periode siste åra. Noko færre aktivitetar dette året men kjem nok sterkare igjen i 2019. Laget set pris på det gode samarbeidet vi har hatt med Gloppen Sau og Geit med god aktivitet i lag.

Vi var medarrangør på Open Gard i haust med stor suksess og overkant av 550 gjester denne dagen. Vi ynskjer fortsatt eit miljø som er aktive til at det vert teke ut rev, slik at bestanden vert halden nede på eit akseptabelt nivå. Det er viktig at dei som skyt raudrev rapporterar det straks inn til vår kontaktperson Stian Hjelle slik at vi greier å dokumentere eit fortsatt behov for fellingsvederlag frå kommunen. Uttak av skaderev i fredningstida vert no kunne gjeve løyve til av Gloppen kommune ved kontakt med utmarksforvaltar straks det vert oppdaga skade. Dette for å unngå for store tap av lam tidleg om våren på beite. 

Vi tek sikte på ei ny fagleg sosial samling i slutten av Mars dette året. Det er positivt å samle småfenæringa for heile kommunen. Sosiale samlingar kombinert med litt kunnskap er ei god oppskrift har vi erfart siste åra.

Ullinnsamlinga tek vi sikte på å fortsatt gjennomføre ved Breimshallen.

Vi tillet oss å minne om bandtvangtida som i Gloppen er frå 1. April til 15. Oktober og håpar at dei som ferdast i fjellet framover sommaren rapporterar inn om skadde dyr og unormale observasjonar i beitemarka. Det er viktig med eit godt samarbeid mellom friluftsliv og beitehald i utmarka framover.

Breim Sau og Geit satsar på fortsatt bra med aktivitet i året som kjem og kom gjerne med innspel å aktivitetar de ynskjer vi skal jobbe med. Du finn meir informasjon på lokallaget si nettside.

Det er viktig å arbeide for ei framtidsretta småfenæringa og vi ynskjer at du vil bli medlem i Breim Sau og Geit.

Breim sau og geit ynskjer å lufte tanken på årsmøtet om det er aktuelt å samle dei 2 laga i Gloppen til eit Sau og Geit lag for heile kommunen. Laga arrangerar i dag mykje av aktiviteten saman allereide i dag og det er ei utfordring å få nye kandidatar i verv når 15 av våre 35 medlemar i dag har faste oppgåver i verv i laget.

Vel møtt til triveleg årsmøte på Fjordhestgarden komande torsdag kl. 20.

Mvh. Styret i Breim Sau og Geit.

 

 

 

 

 

 

Ullinnsamling.

Innsamling av ull var i år 06.02 og 04.04.Nokre innspel frå medlemar om ynskje om tidlegare henting på vinteren. Laget har diskutert med ullsentralen i Førde og registrerar at Nortura ynskjer ei geografisk henting kor dei startar i nordaust mot Møre og jobbar seg sør og innover i landet. Dette for å kunne ta med seg same området dagen etter om det skulle vere ull dei ikkje får med. Dette kombinert med eit system om sortering i Førde kor systemet må ta unna ulla. Ikkje alltid ideelt for dei som har mindre eigna lagerstadar ut over mot Februar.

 

Værlamkåring på Fjordhestgarden.

 

Norsk Kvit, 118 stilte

  1. Tor Magnar Raad,    164poeng, Kvit sløyfe
  2. Anne Iren Elvebakk, 161 poeng, Raud sløyfe
  3. Rolv Roger Mykland, 161 poeng, Raud sløyfe
  4. Rolv Roger Mykland, 161 poeng, Blå sløyfe
  5. Rolv Roger Mykland  160 poeng
  6. Rolv Roger Mykland  159 poeng

 

Kvit spæl, 28 stilte

  1. Kristian Mardal,                  158 poeng, Kvit sløyfe
  2. Bø Fellesfjøs,                     158 poeng, Raud sløyfe
  3. Kristian Mardal,                  156 poeng, Blå sløyfe
  4. Kristian Mardal,                   154 poeng
  5. Svein Helge Hovstad,          154 poeng

 

 

Sjeviot, 4 stilte

  1. Anders A. Flølo, 156 poeng, Kvit sløyfe
  2. Anders A. Flølo, 152 poeng, Raud sløyfe
  3. Anders A. Flølo, 152 poeng, Blå sløyfe

 

Blæset sau, 11 stilte

  1. Mariann og Jan Atle Rauset, Kvit sløyfe
  2. Siw Hjelle Eide,                     Raud sløyfe
  3. Anne Iren Elvebakk,              Blå sløyfe

 

Texel, kjøttsau, 1 stilt

  1. Anders A Flølo,     Kvit sløyfe

 

Fylket si største værlamkåring vart arrangert på Norsk Fjordhestgard på Breim, laurdag 6.oktober. Dette har vorte god tradisjon at vi samlar alle værlamma i Gloppen kommune. Det møtte 162 værlam i 2018 mot 143 lam i 2017. Dette er det meste som nokon gong har møtt på ei kåring i Gloppen. Denne felles kåringa samla mykje folk og dette gjev blest om sauenæringa. Det er bra for miljøet. Den store hallen er god å ha ein slik dag. Det var eit godt samarbeid med Gloppen Sau og Geit med førebuing, gjennomføring av kåringa og nedrigging. Det møtte 16 personar til sosial økt med effektiv og godt innarbeidd riggekveld på fredagen. Stor takk til alle som bidrog før, under og ved nedrigging av kåringa. Ein etter kvart erfaren og svært dyktig gjeng.

Fjordhestgarden ordna med god matservering under kåringa. I det heile ein sosial og triveleg dag med mange bra mange frammøtte. Ein fekk god avisomtale med fokus på sauenæringa. Takkar alle som bidrog denne dagen og kjekt med litt sideaktivitetar med natursti og tippekonkurranse om vekta på væren frå Bø. Vi opplevde eit effektivt dommarkorps då alle setta kom i gong. Det stilte 3 sett som viste bra jamn dømming. 

Sekretæriatet var plassert ved eit bord oppe i kafeen for å ha gode arbeidsforhold i hausttemperaturen. 

Ei rekorddeltaking vitnar om ein bra sesong og eit aktivt sauemiljø i Gloppen.

Det er kjekt å sjå dei yngre som opplever eit felles miljø saman i sauenæringa.

 

Det var 25 enkeltbønder som stilte lam. Det vart kåra 142 værlam. Dette er 88% kåra av lamma. Kun 2 lam vart kåra på dispensasjon som er 1%. Kun 18 lam vart vraka som er 11% av dei stilte lamma. Dette er mindre enn i fjor og hovedgrunnen var manglande ullkvalitet.

 

Det er ei utfordring med mange kåringa denne første laurdagen i Oktober. Dette medfører at lokale suebønder må stille på som dommarar gjerne samtidig som dei stiller i same klassene sjølve. Sjølvsagt deltek desse ikkje i kåring av eigne lam.

Dette fungerar i utgangspunktet greitt med det kunne vore bra å kun hatt dommarar utanfrå denne kåringsdagen i Breim. Vi bør vurdere om det er ynskjeleg å flytte kåringsdagen ein dag fram til søndagen for at det då er meir ledige dommarar utanfrå.

 

 

 

Open gard.

Open Gard vart gjennomført på Norsk Fjordhestgard laurdag 22. September. 

Breim Sau og Geit arrangerte i lag med Breim Bondelag, Norsk Fjordhestgard og Breim Bygdekvinnelag. Organisasjonar som planlegg og dreg lasset i skapar rammene til ein god marknadsdag på fjordhestgarden. Engasjerte organisasjonar som jobba godt i lag med sine fagfelt. Breim Sau og Geit hadde ansvar for å vere med å rigge bingane i ridehallen for husdyra samt stille med sauer og kje. 

God mediaomtale i forkant og etterkant av dagen gav resultat. 

I overkant av 550 gjester møtte fram. 

Det var triveleg med kalvemønstring kor det også vart filma til tv serien «Klart eg kan». Det var hopping i høyet, mange ulike husdyrslag, riding med hest og vogn, maskinutstilling samt ulike salsboder. Vi samla i år alt inne i ridehallen som gav ei god ramme rundt arrangementet. Det vart reint som ein marknadsdag. Kjea var på ny ein gedigen suksess og dei 8 kjea fekk mykje klapp og kos gjennom dagen av ungane. 

Fjordhestgarden serverte middag på låven.

 

 

Julebord.

 

Laget arrangerte julebord saman med Norsk Fjordhestgard med ein sosial kveld på fjordhestgarden laurdag 17. November. Asle Jonny var primus motor og drog i trådane for sau og geit mot eit vellykka arrangement i kafeen på låven. Det var god deltaking med fram mot 40 deltakarar og ein lang sosial kveld i sau, geit og hestemiljøet. Det var ein fantastisk julemiddag frå Bakar Jon. 

Konstruktivt og utviklande å arrangere i lag med samarbeidspartnerar i kommunen.

Slike sosiale samlingar er bra for miljøet og noko å satse på også i året som kjem.

 

 

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201