Banner Banner Banner Banner

Kalender

  November 2017
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930   
       

Siste publiserte artikler

Siste kommenterte artikler

Medlemmar pr. 31/12 2016: 1271, 2015: 1248, 2014: 1226

Reiserekningsskjema (excel) for tillitsvalde i Oppland - PDF

Norske Kadaverhunder

Versalg: Hans Petter Vaberg

Tlf: 97 04 44 43

 Mail: hpvaberg@gmail.com

Lindholt Data si diskusjonsside.

Slips på sauen? Trykk på bilete

Slipsfarger - trykk på bilete

Beitetilskot/utmarksbeitetilskot

21.08.2017 | Skrevet av Pål Kjorstad

Det er mange spørsmål om det nye tilskotssystemet om dagen og særleg korleis vi skal forhalda oss til "telledatoen" 1. oktober. For sau/lam og ammegeit/kje har denne tilskotssøknaden ikkje noko med sjølve husdyrtilskotet å gjera.

På SLF sine sider står dette om telledato 1. oktober:

"Produksjonstilskudd i jordbruket og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid - del 2

Frist: 15.10.17

Våren 2017 ble det innført nytt søknadssystem for produksjonstilskudd og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid. Det er to søknadsfrister og én utbetaling per år i det nye systemet. Andre søknadsfrist er 15. oktober, og da er det både husdyrprodusenter, foretak med planteproduksjon og foretak med bikuber som kan levere søknad. Du kan søke fra og med 1. oktober, som er telledatoen. Vi anbefaler at du er tidlig ute med å søke.

Søknad om produksjonstilskudd i jordbruket har to søknadsfrister i året. I oktober søker både planteprodusenter, husdyrprodusenter og foretak med bikuber. Oversikt over hvilke tilskudd man søker om når, finner du her.

Lever innen søknadsfristen 15. oktober

  • Du kan levere søknaden fra og med 1. oktober, som er telledato
  • Søknadsfristen er 15. oktober
  • Du kan endre opplysninger i innlevert søknad i 14 dager etter at søknadsfristen har gått ut, fram til 29. oktober

Det er i utgangspunktet ikke mulighet til å levere søknad etter søknadsfristen er gått ut. Hvis du ikke har levert søknaden innen fristen, vil søknaden bli avvist. Dispensasjon fra søknadsfristen kan fortsatt gis ved særlige tilfeller.

For søknader som leveres i 2017 vil søknadsfristene praktiseres mer fleksibelt. Du vil kunne levere søknaden i 14 dager etter søknadsfristen uten at du trenger å søke om dispensasjon.

Hva er det du skal registrere og søke tilskudd for i oktober?

Du kan søke om

  • tilskudd til avløsning ved ferie og fritid for 2017
  • husdyrtilskudd (unntatt ammegeit og sau)
  • tilskudd til økologisk areal og husdyr
  • tilskudd for bevaringsverdige husdyrraser
  • distriktstilskudd frukt, bær og grønt for kvantum levert til godkjent omsetningsledd i 2017
  • areal- og kulturlandskapstilskudd
  • tilskudd til dyr på beite
  • tilskudd til dyr på utmarksbeite
  • driftstilskudd til melkeproduksjon
  • driftstilskudd til spesialisert kjøttfeproduksjon

Du kan registrere dyr som gir grunnlag for

  • tilskudd for avløsning ved ferie og fritid for 2017
  • tilskudd for grovfôrareal

Er du ny søker?

Er du ny søker bør du kontakte kommunen i god tid før søknadsfristen. Du bør blant annet sikre at foretaket er registrert i Landbruksregisteret, som er et register som viser koblingen mellom et foretak og en landbrukseiendom. Landbruksregisteret henter opplysninger om foretak og virksomhet fra Enhetsregisteret. Du får ikke levert søknad om produksjonstilskudd med mindre foretaket er registrert i Enhetsregisteret.

Ta kontakt med kommunen hvis du har spørsmål om produksjonstilskudd og tilskudd til avløsning ved ferie og fritid

Hvis du har spørsmål som gjelder søknad om produksjonstilskudd, ta kontakt med kommunen der du driver jordbruksvirksomhet. Det er kommunen som veileder deg i søknadsprosessen, og som saksbehandler søknaden din.

Mer informasjon om produksjonstilskudd finner du her."

---------------------------------------

Kommentar frå redaktøren: For sau/lam og ammegeit/kje så handler det altså mest om tilskot til dyr på beite i tillegg da sjølvsagt til avløysartilskot og areal og kulturlandskapstilskot. Det er svært viktig og søkja innan fristen, elles vert det smalhans (nulloppgjør) i denne runden. Det er 14 dagers endringsfrist på søknaden og enkelte saker kan etterregistrerast heilt til 10. januar 2018.

I jordbruksforhandlingane i år så var det reine beitetilskuddet ei tid heilt ute og berre arealdelen stod att på innmarksbeite, men til slutt vart dette innført att med ein mindre sats medan det for utmarksbeitetilskotet vart satsen auka som forslaget var frå starten. Dette resulterte i at det for sau/lam og geit/kje på beite i 12-16 veker vert utbetalt kr. 40,- pr. dyr i tillegg til arealdelen. Dersom ein i tillegg har dyra minst 5 veker på utmarksbeite vert det utbetalt kr. 185,- pr. dyr. På utmarksbeite må ein skilja mellom sleppte/sanka og sleppte/ikkje sanka (tapte) dyr. Her får ein sjølvsagt heil sats for kategorien sleppte dyr som også er sanka, medan ein får 70% av tilskotet på dyr som ikkje vert sanka eller rettare sagt tapt. Reint sagt så får ein 70%, altså kr. 129,50 pr. sleppte dyr, som har gått minst 5 veker på utmarksbeite, medan ein i tillegg får 30% kr. 55,50 for kvart sanka dyr som har vore på utmarksbeite i minst 5 veker.

Jordbruksavtala 2017/18

Mange spør om ein får beitetilskot om om ein slaktar sau/lam og geit/kje før 1. oktober. Dette går sjølvsagt uansett slaktedato når dyret har hatt nok veker på beite. I tillegg vert dyretilskotet bestemt ved søknadsrunde 1. mars (1. mai i 2017) for desse dyreslaga, så dyretalet 1. oktober har ingenting med det å gjera. Men i det praktiske liv vil registeringa 1. oktober vera meire tungvint for bonden både grunna at sankinga ikkje er ferdig og grunna at søknadsskjemaet enda ikkje er lagt ut så er det enda att ein liten praktisk detalj før alle brikkene er på plass. Tenkjer ein telledato 1. oktober og registereringsdato 15. oktober så er nok det meste av dyra heime på båe datoar, men praktisk sett så veit ein at dyr vert funne mellom 1. og 15.oktober også. Skal ein da fyrst registrera dyra som var sanka fram til 1. oktober og så senda inn ei retting ein veit fom frå 1. - 15. oktober eller skal ein venta med alt til slutt? I alle tilfelle så må ein senda inn rettingar på sanka dyr heilt til siste dyret er funnet eller rettare sagt siste dyret ein reknar med kan finnast. I denne tida, den 1. november, kjem også registeringa for beitelaga og erstatningssøknadane. Alt dette er som ein kan sjå ikkje ei forenkling for bonden, og ein kan spørja seg kva som er forenklinga for Staten òg, men det er vel den eine utbetalinga pr. år som er enklare for dei.

Uansett: Berre slakt søyene som skal utrangeras når du synes det er greit i forhold til pris/praktisk tidspunkt i haust, og tenk i alle fall ikkje på å ha "tilskotssøyer" til 1. mars. I tillegg vert det nå utbetalt lammetilskot til alle lam frå og med klasse O+, men i tida 1. mars til 15. april vert det ikkje lenger utbetalt lammetilskot. Her blir det derfor nok ein "kunstig" dato for bonden. Ein kan koma i den stillinga at ein ventar med å slakte tomme søyer medan ein må levera tomme lam. Likeeins vil vi som lammeprodusentar mista noko av det ferske påskelam-produktet vårt. Lykke til med sankinga og haustsesongen!!

Småfebonde, gjeterhundeier eller sympatisør med næringa?

Meld deg inn i NSG!

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Postadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@outlook.com