Banner Banner Banner Banner

Kalender

  September 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30      

Siste publiserte artikler

Bli med til Bjoreidalen på Hardangervidda søndag 16. august

30.07.2015 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Ny Giv inviterer til fjelltur med stølsbesøk, rømmegraut og spekemat. Turen går i lett terreng og passar for heile familien.

På denne flotte dagen, med sol frå skyfri himmel, kan du ilag med andre saueinteressete få ein minnerik dag i Bjoreidalen. Vi møtest ved Tråstølen v/riksvei 7 kl 11.00. Herifrå køyrer vi ilag på vegen mot Tinnhølen. Gåturen (ca. 1 time i lett terreng) startar ved avkøyringa til Bjoreidalshytta der vi føl tursti langs elva nordvestover til stølen Rinden. Her driv Geir Olmod Sæbø og familien stølsdrift med kyr. Vi er heldige og har fått med oss den beste kompetansen vi har på beite til sau, Yngve Rekdal frå Skog og Landskap. På stølen serverer vi rømmegraut og spekemat. Set av denne dagen og bli med på ein flott tur. Det vert oppsett buss med avreise frå Knarvik kl 07.00. Reiser via Trengereid og Voss. Pris kr 200 pr person T/R. Påmelding til bussturen og andre spørsmål til turen, ring Reidar Kallestad, mobil 415 60 048.

Dersom de vil nytta helga i fjellet finn de overnatting her: 

Dyranut Turisthytta:  http://dyranut.no/

Halne Fjellstove:  http://www.halne.no/

Liseth Pensjonat og Hyttetun: http://www.liseth.no/

Dyranut Fjellstove: http://www.dyranut.com/

Fagerheim Fjellstugu: http://hardangervidda-aktiv.no/fagerheim-fjellstugu

Garen Gaard og hyttesenter: tlf 53 66 57 21

Garen Camping: tlf 977 03 938

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com