Banner Banner Banner Banner

Kalender

  November 2019
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930 
       

Siste publiserte artikler

Ei vellukka samling for (Organiserte) Beitebrukarar i utmark

06.02.2018 | Skrevet av Silje Anette Lyhammer

Fredag og laurdag 26. og 27. var det samla kring 60 beitelagsleiarar og andre beitebrukarar på Flesland til dialogmøte og fagsamling. 

Fyrste dagen hadde Fylkesmannen invitert til eit dialogmøte med næringa. I heile dette året skal Fylkesmannen jobbe med nye strategiske plan for landbruksnæringa som skal gjelde frå 2019. Dette arbeidet vert gjort i samarbeid med Sogn & Fjordane og er omfattande. Landbruksdirektøren satt difor stor pris på engasjementet som beitelagsleiarane synte. Viktige tema vart diskutert, som investeringstilskot til nye sauefjøs. Det er viktig at dette vert oppretthalde framover sjølv om det er ein viss overproduksjon i marknaden no. Andre ting som vart snakka om er korleis samarbeidet i dei ulike beitelag fungerer, kva utfordringar ein har osv.

Om ettermiddagen starta fagsamlinga i regi av Hordaland Sau og Geit. Det vart presentert mange interessante innlegg om båe klimautfordringar som næringa må møte, og korleis dei kan vere ei viktig brikke i å nå klimamålet. Nibio starta laurdagen med eit veldig interessant og nyttig foredrag om kartlegging av kvalitet av utmarksbeite. Forsvarets Forskingsinstitutt satt klima- og miljøutfordringar i samanheng med migrasjon og matproduksjon på verdsbasis. Eit meget informativt innlegg. Viktigheita med gode gjeterhund og nytt sporingsutstyr var tema avslutta denne vellukka helga. 

Ein viktig oppfordring frå dagen var at ein òg må tenkje jordvern i utmark.

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com