Banner Banner Banner Banner

Kalender

  November 2017
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930   
       

Fellestur frå Stordalen til Oppedal

16.07.2017 | Skrevet av Oddmund Hildal

Brekke, Masfjorden og Kjyrkjebø Sau og Geit arrangerer fellestur gjennom vestre del av Stølsheimen frå Stordalen til Oppedal.

Fellestur frå Stordalen til Oppedal

 

Brekke-, Masfjorden- og Kyrkjebø Sau og Geit arrangerer fellestur gjennom vestre del av Stølsheimen frå Stordalen til Oppedal. Turen går gjennom fine beiteområde.Sundag 6. august kl 10.00 frå Stordalen.

Turen startar i Langedalen ved Krokevatnet og går vestover til vestkanten av Store Høgetjønn der det blir ein liten pause. Vidare mot vest til Strandevatnet og vidare til Bankjen der det blir ein lengre pause.

Så går vi mot vest ut over Salen og ned til dammen på Årnesstølsvatna. Derifrå mot Inngardsstølsvatnet, ned til Inngardsstølen og stølsvegen ned til bilvegen.

Vi skaffar ved som blir delt ut ved start, så lagar vi grillbål ved Bankjen. Dei som vil grille må sjølve ha med grillmat og grillspyd.

Turen er ca 12 km i lett terreng og tek kring 6 timar + pausar.

Frå startpunkt til høgaste punkt er det ca. 150 meter fint turterreng.

Då dette er ein felles tur, går vi samla.

Det blir organisert parkering på Oppedal og samkøyring til Stordalen.

Til bussen: Barn under 10 gratis

                    10 til 18 år kr. 50.00

                    Over 18 år kr. 100.00

Påmelding innan 1. August  til : Rolf Borlaug   :97037574 rolf.borlaug@enivest.net  

                                                    Odd Midtbø   :99315046      odhmidt@online.no 
                                                         

                                                    Leif Brekken : 91798302 leif.brekken@enivest.net

Link til kart:

 

Har lagt med eit kart der ruta er tegna inn.

 
Hordaland Sau og Geit
Org. nr.:
 
Kontakt Tlf.: 913 07 371
E-post: nils.inge@salmongroup.no