Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste publiserte artikler

Fjelldag med tema beitekartlegging og beitekvalitet

23.07.2019 | Skrevet av Oddmund Hildal

Stad: Sankehegna til Beinhellaren beitelag som ligg ca 2 km. oppe i Holskarvegen (anleggsveg) frå Trefall, øverst i Eksingedalen

 

Fjelldag med tema beitekartlegging og beitekvalitet

Stad: Sankehegna til Beinhellaren beitelag som ligg ca 2 km. oppe i Holskarvegen (anleggsveg) frå Trefall, øverst i Eksingedalen. Greitt å køyra heilt fram.

Tidspunkt: Laurdag 17.august

Tidsramme: start 10.30, slutt seinast 15.30

Tilskiparar: Hordaland sau og geit, NIBIO Fureneset, NORTURA, Hordaland landbruksselskap

Program:

Ole Johan Eidsnes, leiar Beinhellaren beitelag; Orientering om drift av beitelaget                                                                                                                                                                                                                                                                                    Forskar Yngve Rekdal, NIBIO; Beitekartlegging og beitekvalitet. I kor stort omfang vert utmarks- og fjellbeita i Hordaland nytta

Veterinær Kristin S. Gjerde; Råd om snyltarbehandling

Forskar Anders Aune, NIBIO; Prioriteringar i beitebruk vår og haust.  Skjøtselbeiting i heimenær utmark til vaksne sauer om hausten

Rådgjevar Karluf Håkull, NORTURA; Strategi for småfesesongen

Fylkesagronom Kari des Bouvrie, FMLA Vestland; Orientering om organisert beitebruk

Matøkt med servering av grillmat

Hovudemnet denne dagen er om beitekartlegging og beitekvalitet ved Yngve Rekdal. Dei andre emna er det sett av kortare tid til.                                                               Me vonar på godver denne dagen, og satsar på å vera ute. Ta gjerne med feltstol eller sitjeunderlag. Om regn kan me søkja ly i sankeområdet.

Vel møtt!

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com