Banner Banner Banner Banner

Kalender

  August 2019
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
       

Fylket si største værkåring.

03.10.2013 | Skrevet av Vidar Sandal

Laurdag 5.oktober frå kl. 10.00-16.00 vert det kåring av værlam på Norsk Fjordhestgard på Breim.

Ta med familie og venner og bruk dagen på fjordhestgarden.

Aktivitetat for små og store, samtidig som du kan kjøpe deg middag på låven.


Breim og Gloppen Sau og Geit arrangerar laurdag fylket si største kåring av værlam. Storhendinga går føre seg på Fjordhestgarden på Breim. Her vert samla sauer frå heile Gloppen. I fjor stilte 132 lam og vi håpar på tilsvarande i år. Vi gjentek suksessen og siktar mot ein triveleg familiedag inne i ridehallen på Norsk Fjordhestgard.

Det vert aktivitetar for både store og små. Natursti for ungane og tippekonkurranse på vekta av storværen frå Bø. Fin premiering og muleg for ungane å ri på hest. Det vert kaffiservering og noko å bite i nede i hallen.

Nytt dagen på fjordhestgarden og muleg å få seg betasupa eller pølse på låven frå kl.12-14. Vel møtt til ein triveleg dag på Breim.

Breim og Gloppen Sau og Geit.

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201