Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2019
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031    
       

Fylket si største værlamkåring.

23.01.2017 | Skrevet av Vidar Sandal

Fylket si største værlamkåring var også i år arrangert i Breim. Breim Sau og Geit i lag med Gloppen. 24 sauehaldarar fekk kåra122 lam og i tillegg 9 lam på dispensasjon. 18 lam vart vraka. Deltakinga var ny rekord for arrangementet som var inne i ridehallen på fjordhestgarden. Bra deltaking frå publikum sjølv med storhendinga Open gard helga før.

 

Det gode samarbeidet med Gloppen Sau og Geit gjev godt dugnadsmiljø og triveleg sauemiljø.Noko av bingane i ridehallen var tillaga helga før for samarbeidet med Open gard. Dagen før kåringa kom det ein god gjeng frå sandaneområdet og deltok i gjere hallen klar for kåringa. Den same gjengen inklusiv mange frå Hyen var også med å tok ned bingane etter kåringa. God hjelp og godt miljø gjer at det vert triveleg å gjennomføre ei så pass stor kåring. 3 dommarsett gjorde at kåringa gjekk effektivt og det var ei jamn og god dømming. Bra med publikum møtte og 3 jenter var med på dugnad og gjennomførde natursti og tippekonkurranse på dei 2 solide veirane frå Bø Fellesfjøs.

Terje Arnestad var best i kalsse NKS med 166 poeng. Rune Gimmetad på 163 poeng og 2.plass med Terje også på 3.

Tor Magnar Raad kom på 9.plass med 159 poeng og Anders A Flølo på 13.plass med 158 poeng. Per Kandal nådde 21. plass med 156 poeng.

Beste i Spæl klassa vart Bø Fellesfjøs med 167 poeng og Kristian Mardal på 2. med 161 poeng. Bø tok også 3. og 4.plass med 158 og 152 poeng. Olav Skinlo tok 13. og 14.plass med 143 og 142 poeng.

Det vart kåra 113 stk. NKS, 23 kvit Spæl, 2 Pelssau, 5 farga Spæl, 4 Blæset og 1 Fuglestadbroget.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201