Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste publiserte artikler

Hordaland Sau og Geit inviterer til fagtur m/julebord

05.11.2016 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Laurdag 17. desember går turen til Flåsbrygga Hotell i Flåm der det vert julebord. Det vert faginnslag og besøk som legg grunnlaget for ei triveleg helg ilag med andre saueinteresserte. Det er no klart for påmelding.

Det vil bli sett opp buss etter kor mange som melder seg på turen. (Sjå program og bussrute.) Vi møtest til lunsj på hotellet kl. 13.00. Etter lunsj skal vi vitja to sauebruk i Flåm/Aurland. Vi treng oversikt over kor mange som skal vera med på gardsbesøka p.g.a. transporten. Gje melding om dette, og om du skal vera med på ølsmaking når du melder deg på.

For dei som vil ha sosialt og fagleg påfyll, er det berre å setja av helga 17-18. desember.

Prisar:

Lunsj laurdag, overnatting m/frukost i dobbeltrom, aperitiff og julebord kr 1.510,- pr. person

Lunsj laurdag, overnatting m/frukost i enkeltrom, aperitiff og julebord kr 1.805,- pr. person

Ikkje overnatting, lunsj laurdag, aperitiff og julebord kr. 850.- pr. person

Presentasjon og ølsmaking, kr 245,- pr. person, (Min.15 pers.)    

Påmelding innan onsdag 30. november til: Kjetil Rødland, e-post kjetil.rodland@tverberg.com eller kroedlan@online.no

Tlf.: 911 79 771 eller 926 22 649.

For dei som melder seg på pr. e-post trekk vi ein heldig vinnar, som får turen til halv pris, av dei som har rett svar på oppgåva under. Kven er dei to som gøymer seg bak nissen? 

 

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com