Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2012
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

HSG inviterer på fagtur med julebord i Haugesund

09.11.2011 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Etter suksessen ifjor vil vi i år ta turen til sønste delen av fylket vårt. Vi vil vitja eindel som har sett opp nybygg for sau og geit og høyra om deira erfaringar med løysingane sine.

Det er no klart for påmelding.

Bilete frå eit av Nortura sine visningsfjøs.

Det vil bli sett opp bussar etter kor mange som melder seg på turen. Ramma for fagturen er ankomst til Rica Maritim Haugesund ca kl 12.00 laurdag 17. desember. For dei som vil vera med på gardsbesøk går turen vidare med buss til 2 nye fjøsar der vi får omvisning og orientering om drift og byggløysingar. Vi er tilbake på hotellet ca kl 17.00 og frå kl 19.00 vert det julebord, denne gongen med dans.

Søndag vert det heimreise med buss. Fylkeslaget sponsar bussturen.

For dei som vil vera med på "ein gilde tur" er det berre å setta av helga 17-18. desember.

Prisar

Overnatting m/frukost i dobbeltrom og julebord kr 940,- pr person

Overnatting m/frukost i enkeltrom og julebord kr 1355,- pr person

Påmelding innan 20. november til: HSG v/Grethe Helgesen tlf nr 55362132/mobil 90958223

E-post: grethe.helgesen@nortura.no

Helsing styret i HSG

 
Hordaland Sau og Geit
Org. nr.:
 
Kontakt Tlf.: 913 07 371
E-post: nils.inge@salmongroup.no