Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste kommenterte artikler

Info og hjelp til utfylling av erstatningssøknaden

17.10.2016 | Skrevet av Pål Kjorstad

I samarbeid med Oppland Bondelag, Oppland Bonde- og Småbrukarlag og ikkje minst med Fylkesmannen i Oppland fekk OSG i stand ein møteserie på 4 regionale møter i haust. Dei vart halde på Fagernes, Lygna, Øyer og Otta. Tema var info og hjelp omkring søknad om erstatning av skada og tapte dyr grunna freda rovvilt, sjå artikkel før.

Møtene vart kunngjort på heimesida vår og gjennom mailer til lokallagsledere og beitelagsledere. Desse skulle ta vidare informasjonen til medlemmane sine. Det hadde nok vorte betre frammøte i eit år med større tap til rovvilt enn denne sommaren, men til saman 128 stk møtte på dei 4 møta.

Fylkesmannen i Oppland presenterte ein powerpoint som inneheld alt frå lovverket, forskriftene og ikkje minst gjennomgang av det elektroniske søknadsskjemaet. Presentasjonen var gjenstand for ei rekkje gode spørsmål, som vart diskutert og svara på. For dette er ikkje lett, sjølv med stor ekspertise så fann møta ut at utfyllinga av dette skjemaet ikkje var rein plankekjøring. Link til prentasjonen:

Presentasjon av info og gjennomgang av utfylling av erstatningssøknad

Under møta kom også FMOP med råd om kva ein skulle ta med i søknaden. Desse råda kan ein fylla inn og anten lasta opp som eige dokument eller lima inn i merknadsfeltet i søknaden.

Anna hjelp: Søknadsskjemaet ligg her.

Kart med hjelp til å finna ut kva sone garden din ligg i forhold til sone for ditriktstilskot for kjøtt.

Link til rovbase kan også ver grei å sjekke, der du finn innmeldt kadaver og info om rovvilt.

Hugs også å sjekke vår egen side om rovviltnyheter dersom du vil sjekka noko frå nærområdet ditt.

Hugs også at for dere som er medlem i sauekontrollen og har oppdatert den, så kan dere laga deres eigen rapport som dere legg ved søknaden under rapporter/analyser og andre/grunnlag erstatningsøknad. Denne rapporten inneheld m.a. den viktigaste dokumentasjonen som søknaden skal innehalda: Besetningliste. Hugs å leite fram snitt sleppdato i utmark og snitt sankedato før du starter. Greit å ta ein kikk om alt er klart med sanka dyr, innmeldte og utmeldte dyr. Dersom du finn noko som ikkje stemmer så kan du gå ut av rapporten, fylla inn mangelfulle registreringar og starte rapporten på ny. Etter dette tek du ut rapporten som pdf-fil og lastar den opp i søknaden da du er på opplastingssida kome i søknaden.

Fylkesmannen har også lagt ut artikkel om møterunden på denne linken.

Dersom du treng hjelp så ring, beitelagsleder, landbrukskontor, leder av lokallaget i Sau og Geit, styremedlem i Oppland Sau og Geit eller redaktøren. Dersom det er andre avklaringar som nokon vil ha inn i artikkelen så tek vi gjerne i mot det.

Hugs å starte nokre dagar før fristen, gjerne med eit fellesmøte i beitelaget og ikkje minst: Hugs å send inn søknaden dersom du meiner at freda rovvilt har forårsaka skader eller tap i besetningen din i løpet av 2016. Dette er viktig både for deg som besetningseigar og alle oss andre for dokumentasjonen og statistikken.

Lykke til!!

 

Småfebonde, gjeterhundeier eller sympatisør med næringa?

Meld deg inn i NSG!

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Postadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@outlook.com