Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste publiserte artikler

Investeringsmidlar til tiltak i beiteområde 2017

28.02.2017 | Skrevet av Silje Anette Lyhammer

Fylkesmannen i Hordaland lyser ut investeringsmidlar til tiltak i beiteområde for 2017. Hordaland har fått tildelt ei ramme på kr 600.000 til dette formålet i 2017, noko som er litt meir enn i fjor. Frist for søknad er 15. mars.

Om tilskot til tiltak i beiteområde

Formålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Tilskot kan søkjast av lag eller foreiningar som driv med beitedrift og som skal investere i felles investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde. Det er berre organiserte beitelag som kan søkje på dette tilskotet. Beitelag må bestå av minst to/tre medlemmer som har dyr på utmarksbeite. Generelt kan det gjevast tilskot til alle typar tiltak som fremjar beitebruken i eit område, men i hovudsak skal tiltaka vere stasjonære. Tiltaka vert for det meste prioritert som før. Her nemner vi nokre tiltak som kan vere aktuelle for tilskot.

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sikring av skårfeste
  • Gjetarhytter/sankehytter
  • Diverse andre investeringar som saltsteinsautomatar og elektronisk overvakingsutstyr.

Søknad

Beitelag sender søknad om tilskot til sin beitekommune.
Søknadsfrist 15. mars 2017. Du finn søknadsskjema her. Hugs naudsynte vedlegg, som kart mm. Kommunen sender søknaden vidare til fylkesmannens landbruksavdeling saman med sin uttale innan 1. april. Fylkesmannen handsamer søknadene snarleg i samråd med Beiteutvalet, og svar kan ventast i månadskifte april mai.

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com