Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Januar 2020
Ma Ti On To Fr
  12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
       

Siste publiserte artikler

Kurs i Sauekontrollen i Volda

Fra 20.12.2017, til 20.12.2017 kl. 23:59

Det arrangeres kurs i bruk av Sauekontrollen i Volda 10. januar 2018

 

Kurs i sauekontrollen i Volda i januar 2018.

Sauekontrollen, eit landsomfattande system for å halde oversikt over dyra i medlemane sine buskapar  er i tillegg grunnlaget for avlsarbeidet på sau i Noreg. Med Sauekontrollen får ein fullstendig oversikt over dyra og produksjonen deira frå fødsel til slakting. Dette gjer at ein kan analysere resultata i egen buskap og sette seg nye mål.  Mange meiner at husdyrkontrollen er eit av dei viktigaste reiskapa for ein sauehaldar.

Sauekontrollen er open for alle norske saueprodusentar. Ein kan velje om ein vil registrere aktuelle hendingar sjølv eller la ein slakterirådgjevar utføre registreringa. Det er berre lamming, haustvekter på lam og utmelding av dyr som døyr utanom slakt som må registrerast.  Ein kan registrere mange andre hendingar, men dette er  friviljug.

På kurset som Volda Sau og Geit og Ørsta Sau og Geit arrangerer i januar neste år får ein lære korleis ein registrer sjølv og korleis ein kan nytte dei registrerte opplysningane for å få mest råd ut av produksjonen sin. For dei som alt er medlemer i sauekontrollen vil kurset vere nyttig for å lære korleis ein kan utnytte alle muligheitene Sauekontrollen opnar for.

Med grunnlag i dei registreringane ein har gjort kan ein hente ut rapportar som f.eks. vår- og haustlister, medeltal, noteringslister til bruk i fjøset, årsresultat, avlsverdiar, rangeringslister, lage avlsplan og mykje meir. Det er opp til brukaren å avgjere kva for  opplysningar ein ønskjer å ha med i utskriftene og korleis ein vil ha dei oppstilt/rangert.  Ein kan også køyre ut rapportar på enkelte grupper av dyr t.d. alle søyer født i 2016 eller alle dyr på eit bestemt beite.

Kurset går av stabelen på Volda 10.01.18 kl. 19.00. Kurshaldarr er Marit Lindtvedt Lystad frå Animalia.  Det er avgrensa tal plassar så ver snar å melde deg på til 911 78562 eller ola.steinsvik@tussa.com.

 

 
Møre og Romsdal Sau og Geit
Org. nr.:
Besøksadresse
N-
Postadresse
N-
Kontakt Tlf.: (+47)
Fax: (+47)