Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2012
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste kommenterte artikler

Reiserekningsskjema for tillitsvalde i Oppland

Radiobjølleprosjektet i Oppland

Versalg: Hans Petter Vaberg

Tlf: 97 04 44 43

 Mail: hpvaberg@c2i.net

Slips på sauen? Trykk på bilete

Slipsfarger - trykk på bilete

Møte i Rovviltnemnda 23/1 2012

23.01.2012 | Skrevet av Pål Kjorstad

Den nye Rovviltnemnda i Oppland hadde det fyrste møtet sitt i dag.

På førehand hadde vi i samarbeid med innspel frå faglaga skrive eit brev, som dere kan sjå her.

Den nye nemnda valde Ivar Odnes til leiar og Marianne Isumhaugen som nestleiar. Vi var etter møtet svært fornøgd med måten møtet vart halde på, der leiar og nemnda viste konstruktive og ambisiøse holdningar til korleis vi skal få ned skadene av freda rovvilt i Oppland i framtida.. Dei stillte spørsmål og ikkje minst tok dei inn brevet vårt på saklista og vedtok å senda eit brev til DN omkring jerveynglingar i 2011. Dei ville senda brevet vårt som dokumentasjon og vedlegg til sitt eige brev. I tillegg ville dei spørja DN om Oppland kan få større FKT-pott til neste beitesesong.

Dei var òg enige i tolkingane våre kring gaupekvota, og lova å koma attende til dette etter at jakta hadde starta og familiegruppetellinga var lenger kome.

Av andre informasjonar frå møtet vil eg nemna:

Gaupesporing: Det er hittil kome inn 14 meldinger om spor om fleire dyr – 6 meldinger er godkjent av SNO. SNO hevdar at desse stammar frå 3 familiegrupper av gaupe. Desse er observert her: 1. Vestsida av Randsfjorden. 2. Skreia-området på Østre Toten og  3.I Etnedal/Sør-Aurdal.

Det er nå att berre ein jerv på lisenskvota. Denne er innanfor den gamle sona. Det er i seinare tid observert jerv i Gausdal, og det kan henda at nemnda opphevar områdedefineringa på det siste dyret. Vi kunne tenkja oss at dei søkte DN om å utvida kvota.

Ulvejakta går fram til 31/3 og det er framleis eit dyr på kvota vår. Ein ulv, som var i Hurda,l har vore observert i Østre Toten. Hedmark fyllte ulvekvota i dag, og det er viktig at vi òg klarar dette i Oppland.

Kongeørn: Hekke-lokalitetane av kongeørn vert nå lagt inn i Rovbasa, dette skal skje i fyrste halvdelen av 2012. Dette er data frå NOF sine rapportar frå 2004 og 2009. Det vert nå føreteke langsikitig overvaking i 12 utvalde områder i Norge, og  etterkvart vil skal det bli kontinuerleg overvaking. Oppland/Rovviltnemnda vil ha samarbeid med SNO/Norsk orientologisk forbund (NOF) også i framtida med dette arbeidet. DN opplyser at det i framtida berre vil bli skadefellingsmuligheter som bestandsregulering av ørn. Kvotejakt eller lisensfelling vil ikkje bli aktuelt med det fyrste. Dette vil sjølvsagt gjera det svært vanskeleg å ta ut skadegjerar.

Neste møte i nemnda vil bli 14/3 2012.

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Leiar Pål Kjorstad
Kilevegen, 2647 Sør-Fron
PostadresseSekretær Ken Lunn
Børsvollsvegen 335, 2846 Bøverbru
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@ventelo.net