Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2012
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

NoFence - usynleg gjerde for beitedyr

15.11.2011 | Skrevet av Nils Inge Hitland

HSG stod for fagprogrammet for sau/småfe på Agro Hordaland siste helga i oktober. Førstemann ut var Oscar Hovde Berntsen frå NoFence. 

NoFence er eit system som gründer og dagleg leiar Oscar Hovde Bertnsen fekk ideen til og har utvikla sidan 2005. GPS-klavar med lydsignal og straum, plassert på beitedyra, og "gjerder" som er teikna inn på elektroniske kart, gjer det mogleg å halda dyra innanfor eit definert område. Dette gjev store moglegheiter til effektiv beitebruk og dermed utnytting av dei store utmarksbeiteressursane vi har. Oscar arbeider på heiltid med å vidareutvikla NoFence. Utprøving og forsøk for å dokumentera funksjonalitet, haldbarheit og dyrevelferd står på programmet dei neste 2 åra. Oscar reknar med at dei har eit kommersielt produkt for marknaden i 2014.

Presentasjonen frå Agro Hordaland finn du her: NoFence Agro Hordaland 2011

Meir detaljar og informasjon finn du på heimesida deira: www.nofence.no

 
Hordaland Sau og Geit
Org. nr.:
 
Kontakt Tlf.: 913 07 371
E-post: nils.inge@salmongroup.no