Banner Banner Banner Banner

Kalender

  September 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30      

Siste publiserte artikler

Ny Giv med gjetarhund

26.03.2015 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Korleis går det med familien på Varaldsøy som starta opp med gjetarhund?

Så har det gått eit år sidan sist me let høyra frå oss. Som fersk hundeeigarar har det vore ein bratt lærekurve.

I mars var me på gjetarhundkurs i Rosendal, med Hawaii. Det var nok dei tobeinte som hadde mest å læra der. Det var mange nye ting å setja seg inn i for oss som er ganske ferske innan gjetarhundmiljøet. Hawaii har stort sett kontroll på sine arbeidsoppgåver.

I juni kjøpte me oss ny hund. Nok ein gong falt valet på ei tispe, men denne gongen blei det ein kvalp. Så no må me prøva å trena opp ein gjetarhund heilt frå grunnen av. Den ny hunden heiter Hera og blei fødd i april. Planen framover er at Hera skal overta etter Hawaii den dagen ho ikkje klarar jobben lenger. Hawaii rundar 10 år i år, og me kan ikkje rekna med at ho skal klare å hengja med i veldig mange år framover. Men for oss har ho vore verdfull. Me har lært mykje av ein trygg og roleg hund. Me har blitt fortalt at det kan ta 2-3 år å trena opp ein gjetarhund, så Hawaii må vera med ei stund til.

Denne sommaren har me hatt mange turar til Hardangervidda for å sjå til sauene. Sauene var veldig urolege i beitet og vandra ut av det området der dei skulle gå fleire gongar. Men det er berre andre året me har sauene der, så me håpar på at dette er eit problem me skal klare å bli kvitt med tida. På desse turane har Hawaii vore ein god medhjelpar, det er ikkje lett å springa etter spreke sauer i sommarfjellet. Det er greitt å ha radiosendar på nokre av dei, og på den måten følgja med kvar dei held seg i beitet.

I haust har Håvard og Hawaii vore to helgar på sauesanking på Hardangervidda. Både på Halne og i Isdalen gjorde Hawaii god nytte for seg.

Denne hausten blei me kontakta av NRK Hordaland. Dei har eit program som heiter Dyrevenn, og no ynskte dei å laga ein episode om gjetarhundar. I den samanheng lurte dei på om me kunne tenkja oss å vera med. Programmet dei lagar handlar om barn og dyr, og dei ville vinkla programmet inn mot Hera og den yngste sonen vår, Erlend, som er 10 år. Etter å ha drøfta dette litt innad i familien, og med bekjente i gjetarhundmiljøet så takka me ja. Håvard, Erlend og Hera har i løpet av hausten vore med på filming to dagar, og i byrjinga av mars skal dei filma igjen. Me har fått god hjelp frå Audun Seilen til å trena Hera, slik at ein kan sjå framgang frå første dagen med filming, til siste.

Erfaringa me sit igjen med så langt, er at hunden er til uvurderlig hjelp. Men me må nok køyra hunden oftare på våre eigne sauer. Me erfarer framleis at våre sauer treng meir trening i å la seg styre av hund. Me set og med litt dårleg samvit for at me ikkje klarer å trena ofte nok med Hera. Det er ikkje alltid lett å finna tid til det, når me begge går i jobb og har tre ungar å følgja opp på fritida. Det krev mykje tid og innsats å trena opp ein hund. Me har i tillegg blitt hindra i å trena med hunden pga mykje snø. Ikkje lett for verken hund eller sauer i djup snø…

I mars skal Håvard og Hera på gjetarhundkurs igjen. Me håpar at begge to kjem ut av det med ny lærdom og erfaringar.

Øvsthus 27/2-2015 Margunn.                        (Bildet viser Håvard som trener med Hera)

«Me frå gjetarhundnemda støtter fullt ut Margunn og Håvard si oppsummering. Me føler så absolutt at prosjektet rullar på slik me håpa på. Hera er sjølvsagt ung og yr og har mykje som skal lærast. Ho er no 10 mnd og i rute slik ein kan forventa.

At Nrk Super viste interesse vart eit lite stunt oppå det heile. Litt kjekt å få vist fram gjetarhunden frå kvalp, starta den på sau og vidare til treninga er i gang. Takk til Erlend som torde stilla opp. Programmet heiter «dyrevenn» og sendes på Nrk super . Klikk på denne linken for å sjå programmet.

Så vil me ynskja familien Øvsthus lukka til vidare!

10/3-2015

Egil / Audun»

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com