Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2019
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031    
       

Nytt frå årsmøtet i Etne Sau og Geit

09.12.2014 | Skrevet av Randi Frette

1. desember var 61 stk samla på Åkrafjordtunet til pinnakjøtmiddag, faginnslag med Tore Atle Sørheim og årsmøte. 

Tore Atle Sørheim fortalde om korleis ein kårar værlam, og kva kriteriar det vert lagt vekt på ved indeksberekninga. Teoretisk sett skal ein då kunna velja ein vær ut i frå kva eigenskapar ein treng til saueflokken sin, og ein kan få betra resultata ein har på td. slakteklasse, morsevne eller lammetal i besetninga. Kommentarar frå salen viste at det kan variera ein del frå teori til praksis, men indeksen skal iallefall kunne gje ein peikepinn om kva ein kan forventa. Det er ei kjent sak at "væren er halve flokken", og det lønnar seg fort å bruka litt meir pengar på ein god vær.

Sørheim gjekk også gjennom ein del reglar for kåringssjå. Her har Etne litt å strekkja seg etter, spesielt hadde det vore ein fordel om me kunne klara å ha dyra under tak ved framtidige kåringar. Elles har Etne den fjerde største kåringa i Hordaland, med 101 stilte værlam i haust.

Årsmøtet vart gjennomført på vanleg måte. Det vart litt utskiftingar i styret, og ny leiar vart no Kristian Nordgård, som bur på Lauareid.

Kristian (her saman med frua, Else Merete Frette), er opprinneleg frå Tysvær. Han har tidlegare vore leiar i Tysvær bonde- og småbrukarlag, og har også sete i fylkesstyret der. Han har nokre sauer på småbruket på Lauareid, og er ein engasjert kar.

Det var komme inn nokre saker til årsmøtet, det vart m.a teke opp kor mykje me har råd til å betala ut i revepremie i framtida. Det har vore veldig mykje rev dei siste åra, og det har vore vanskeleg å samla inn nok pengar blant medlemmene og andre interessegrupper. Det vart fremja forslag om at me heretter skal behandla kor mykje me skal betala i revepremie, på neste års årsmøte. Dvs me ser kor mykje som står på kontoen ved årsmøtet i 2015, før me betalar ut revepremien for 2014. Dette vart det gått inn for.

Det vart delt ut pokalar til beste NKS-værlam: Ole Sævareid for vær 2014 51 842 (173 poeng). (Olav Sølvberg sin vær 2014 41 924 hadde også 173 poeng, men hadde gått ned noko i indeks etter kåringa). Beste spel-værlam: Johannes Kvandal for vær 2014 51899 (160 poeng).

Svein Inge Åkra og Inge Morten Tronstad hadde begge felt 5 revar, og fekk kvar sin pokal og napp i vandrepokalen.

Hamish Mitchell fekk påskjønnelse for innsatsen i verdsmeisterskapen i saueklipping, der han kom på 1. plass med det skotske landslaget. Han fekk også ein individuell 3. plass. Inge Morten Tronstad kom på 3. plass i NM i saueklipping, og var best i speedklipping. Me gratulerer begge to! 

I vår fekk me ei oppfordring om at me burde gjera litt stas på dyrlegane våre. Me er svært heldige som har 3 dyktige veterinærar i praksis i kommunen vår. Difor ba me dei inn til årsmøtet, og gav dei som takk for den gode innsatsen eit lite symbol på at dei er gull verdt.

Helge Haaland og Håvard Kambo på årsmøtet. Harald Børretzen hadde vakt, og fekk si "gullsprøyte" i etterkant.

Randi Frette takkar med dette for seg, og ønskjer den nye leiaren lukke til!

 

 

 

 

 

 
Etne Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Aastvedt
Tlf. 913 86 939
Sekretær:
N-