Banner Banner Banner Banner

Kalender

  August 2019
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293031 
       

Referat frå turen frå Stardalen, over Oldeskaret til Oldedalen

29.08.2013 | Skrevet av Jonny Lofnes

Laurdag 10. august arrangerte Jølster Sau og Geit og Oldedalen Sau og Geit fjelltur på den gamle ferdselsruta frå Stardalen, over Oldeskaret til Oldedalen. Vi hadde flott turver, med delvis skya og sol heile dagen.

ref: Jakob A. Sandal

Oppmøte for turen var på Høyset i Stardalen. Her vart dei tjue deltakarne fordelt i bilar som køyrde vegen opp i Haugadalen. På Haugastøylen fortalde turleiar Jakob André Sandal om støylsdrifta og korleis området har vore brukt til beiting opp gjennom åra. I dag er beitinga redusert, og det er to saueflokkar som beiter i området. Landskapet i Haugadalen er  sterkt påverka av breaktivitet, og det vart og informert om korleis påverknaden av breen har vore.  

Turen gjekk vidare inn Haugadalen mot Oldeskaret. Ved Storevatnet  hadde vi ein lengre matpause før vi gjekk inn på Oldeskaret (1150 moh.), som er høgste punktet på turen. På Oldeskaret vart det tidlegare arrangert stemne mellom folket i Oldedalen og Stardalen. Stemnet var årvisst i mange år frå 1905.

Før vi starta på den brattaste delen av nedstiginga til Oldedalen hadde vi ein pause der elva frå vatna på Oldeskaret svingar mot Oldedalen. Her er eit flott utsyn mot Briksdalsbreen. Råka vidare går bratt  ned lia, og vi passerte gjennom den karakteristiske kløfta bak nokre utsprengde fjellblokker. På dei brattaste partia kom det godt med at det er lagt ut kjettingar til hjelp.

Etter vel fem timars gange kom eit fornøgd turfølgje fram til Melkevoll bretun i Oldedalen.

 

 

 

 



 

Sponsor Kåringsjået

 

 
Jølster Sau og Geit Org. nr.: 987715588
Leder Ragnhild Sæle
 

 
Postadresse Stranda 57, 6847 Vassenden
 
Kontakt Tlf.: (+47) 41633342 , ragnhild.saele@enivest.net