Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juli 2019
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031    
       

Rovviltnemda i region 1 har fatta vedtak om lisensfelling av 8 jerv og 3 ulv

25.05.2017 | Skrevet av Nils Inge Hitland

Rovviltnemnda opnar for lisensfelling av 8 jerv i perioden 10.09.2017 – 15.02.2018 og 3 ulv i perioden 01.10.2017 – 31.03.2018.

Det er usikkert om ein har lukkast å ta ut jerven som har herja i saueflokkar i Røldal dei to siste åra. Rovviltnemda har no fatta vedtak om lisensfelling komande haust/vinter. Så langt har lisensjakt gjeve dårleg uttelling i Region 1. 

Rovviltforliket gjentar regjeringa si hovedprioritering av lisensfelling som hovedregime for
uttak av jerv. Ekstraordinære uttak skal haldast så låge som råd. Samstundes er det sagt at ”i de tilfeller der lisensfelling ikke gir tilfredsstillende uttelling, skal miljøforvaltningen så langt
det er mulig sørge for at resterende kvote tas ut i de områdene lisensfellingskvote er gitt.
Uttak i det som av rovviltnemndene er definert som prioriterte beiteområder i de enkelte
regionene blir prioritert.” Region 1 er fullt ut definert som prioritert beiteområde.Det er pr. 27.04.2017 avgang på tre jerv i vår region, alle hannar. Ein i Luster, ein i Årdal og ein i Suldal kommune. Ingen er felt under lisensjakta i sesongen 2016/2017 i region 1 av ei kvote på 8 dyr.

Vi minner om Fylkesmannen sitt informasjonsmøte om rovvilt på Voss førstkomande mandag kl 19.30.

Her finn de vedtaket i rovviltnemda

https://prosjekt.fylkesmannen.no/Rovviltnemnda-region-1/

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com