Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste publiserte artikler

Siberian Husky hundar på rømmen

07.07.2012 | Skrevet av Per Henjum

Alle saueeigarar er varsla om at to hundar er på rømmen i fjellet frå fredag morgon ca. kl. 04.00, 
Me oppmodar saueeigarar å sjå etter eventuelle skada dyr. Eg kryssar fingrane, seier Marit Henjum Halsnes, leiar i Leikanger sau og geit.

 

 

Leita i heile dag

I heile dag har personar vore ute og leita i Leikanger-fjella etter dei to unge hundane, men det skal til no ikkje ha vore sett spor etter dei. Særleg har det vore leitt i Kleppa-området.

– Huskeyhundar er ein type hundar som likar å jakta. Like eins er det to unge hundar i lag på rømmen. Ja, eg kryssar fingrane for at me ikkje skal få inn meldingar om skadde sauer, seier Marit Henjum Halsnes.

Ta kontakt

Hundeeigar Tove Einan Linde håpar ho snart finn att hundane som er sakna.

– Dersom nokon ser dei må dei ta kontakt med meg med ein gong, seier ho.

Ho fortel at hundane er snille og i tidlegare møte med sauer har dei oppført seg eksemplarisk.


Tordis på tilsynsrunde


På Stokksete


På veg til fjells

 
Leikanger Sau og Geit    Tlf.  415 11 774
Org.nr. 988 102 172