Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2019
Ma Ti On To Fr
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
       

Siste publiserte artikler

Skottlandstur

16.03.2019 | Skrevet av Oddmund Hildal

Gjetarhundnemnda i Hordaland inviterer til skottlandstur 27. - 30.06.19. Dette vert ein tur som passar for alle saueinteresserte. Det vert lagt opp til fleire gardsbesøk samt ein gjetarhundprøve. Sjå program nedanfor. 

Grunna reservasjon av flybillettar vert det bindande påmelding snarast, og innan 27.03.19. Påmelding til Kristina Jordalen på e - post: kristinajordalen@live.no.

Dag 1, torsdag 27.06.:

Frammøte på Bergen lufthavn Flesland for innsjekking. Flyavgang med Widerøes maskin WF 392 kl 08:00. Ankomst Aberdeen kl 08:20. Her ventar buss for transfer til Glasgow - ein tur på ca 3 timars køyring. Her køyrer me blant anna gjennom ein nasjonalpark med flott kulturlandskap og mykje sau på beite. Det vert eit gardsbesøk undervegs. Ved ankomst Glasgow sjekkar me inn på hotell Park Inn Radisson, som er eit greit 3*** hotell å bu på.  Resten av ettermiddagen nyttar me til å sjå oss om i byen, og har felles middag på hotellet. 

Dag 2, fredag 28.06.:

Frukost på hotellet. Buss hentar oss på hotellet og me reiser på to gardsbesøk.Dette er store sauebruk, med over 1000 sau. Me får høyra litt om beitebruk, fôring og sorteringssystem. Meir informasjon om desse besøka vil komma. Dagen går med til gardsbesøka og om kvelden er det felles middag på vårt hotell. 

Dag 3, laurdag 29.06.:

Frukost. Buss hentar oss til avtalt tid. I dag skal me få vera med på gjetarhundprøve. Ytterlegare informasjon kjem. Felles middag på hotellet om kvelden. 

Dag 4, sundag 30.06.:

Vårt opphald er over, og me set kursen for Aberdeen igjen. Ein tur i flott natur. I Aberdeen sjekkar me inn på WF 399 som har avgang kl 18:10. Me landar på Bergen lufthavn Flesland kl 20:25. 

Pris pr. person:   Ved 35 deltakarar: kr. 7710.  Tillegg enkeltrom hotell: kr. 1300

Inkludert i prisen:   - Flyreise med Widerøe t/r med dagens skattar og avgifter. - Transfer Aberdeen - Glasgow t/r.  - 3 hotellovernattingar i dobbeltrom på 3*** hotell. - 3 frukostar.  - 3 middagar. - Transfer heildagsutflukt dag 2 og dag 3. 

Tillegg felles lunsj på turen = ca kr.250

Med forbehold om eventuell valuta - og avgiftsendring.

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com