Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2012
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste kommenterte artikler

Reiserekningsskjema for tillitsvalde i Oppland

Radiobjølleprosjektet i Oppland

Versalg: Hans Petter Vaberg

Tlf: 97 04 44 43

 Mail: hpvaberg@c2i.net

Slips på sauen? Trykk på bilete

Slipsfarger - trykk på bilete

Soneringa vedteke i Rovviltnemnda

13.10.2011 | Skrevet av Pål Kjorstad

I møte i rovviltnemnda i dag vart den nye soneringa vedteke etter hard dragkamp. Rovviltnemnda stillte med berre 4 medlemmer og Reidun Gravdahl laut bruka dobbelstemma si for fyrst å forkasta utsettingsforslaget frå Ivar Odnes og Jørand Ødegård Lunde, og seinare for å vedta adminstrasjonens forslag til framtidig sonering for jerv og gaupe i Oppland.

Medan beitenæringa i Sogn og Fjordane har engasjert seg sterkt i saka før, så har norddølene og valdresingane kome sterkt på banen i den siste tida. Bakgrunnen er den sterke misnøya med å flytta og utvida jervesona i Oppland. Dette viste seg da rovviltnemnda tidlegare i dag besøkte norddalsbønder i samband med møte i rovviltnemnda. Visar til artikkel på gd.nett.

Det var sjølvsagt mest fokus på den nye jervesona og sett i forhold til teksta i det nye rovviltforliket. Det vart òg peikt på at dette forliket enda ikkje var ferdig i forskriftsform, og at dette burde avklarast før soneringa vart spikra. Men fleirtalet i nemnda meinte at det hadde vore ein lang, ryddig og god prosess, slik at vedtak kunne fattas. Vedtaket vart dermed at gaupesona vart utvida til å vera dagens sone + Valdres, medan jervesona vart Lom, Skjåk, Lesja, Dovre, delar av Vågå og Sel og den delen av fronsbygdene som ligg under nasjonalparken i Rondane. Vedlagt følger adminstrasjonen hos FM i Oppland sitt forslag og notat til ny sonering, som vart vedteke.

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Leiar Pål Kjorstad
Kilevegen, 2647 Sør-Fron
PostadresseSekretær Ken Lunn
Børsvollsvegen 335, 2846 Bøverbru
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@ventelo.net