Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste kommenterte artikler

Ulv kontra beitebruker

04.06.2017 | Skrevet av Pål Kjorstad

Det er håplaust å vera beitebrukar om dagen, både i Gudbrandsdalen og ikkje minst i sørlege delar av fylket er det unntakstilstand. Særleg på Gran og i områder rundt er beitebrukarane i eit stort dilemma kva dei skal gjera. Her har det alt vore store samanhengane skadar av ulv over fleire dagar.

Sidan ein ulv vart sett og fotografert i grenseområdet mellom Vestre Toten og Gran 26. mai har meldingane strøyma inn om skader av ulv. Sjå artikkelen freda rovvilt. Dei største skadene er det beitebrukar frå Akershus som har lidd, med funn av fleire titalls skadde og drepne sau og lam. Situasjonen er uavklart men pågåande, så mange i Oppland sit nok på gjerdet om dagen og avventar om dei skal sleppe sau heller ikkje, mens nokon alt har sleppt. Dette gjorde dei i god tru like før observasjonane vart gjort og skadene tok til.

Vi i Oppland Sau og Geit har hatt samtale med både beitebrukarar, FM i Oppland og rep. frå Mattilsynet og er både fortvila og frusterte over situasjonen som beitebrukarane har kome i. Området er stort og uoversikteleg, det har versert rykter om at 2 ulike ulver har vore på ferde, og det er svært utfordrande både når og korleis skadefellingsmannskapa skal setja inn tiltak som kan gje uttelling. Vi er sterkt kritisk til myndighetene med hansaminga av lisensfellingskvota for ulv i vinter, og alle som ein kunne vel spå at dette skulle skje, så da forventa vi at forvaltninga v/FM og Miljødirektoratet i samråd med Mattilsynet skulle reagert forlengs. Men som mange gonger før: Det er beitebrukarane som er taparen. Nå må myndigheitene ta ansvar og handla raskt: Ulven/ane må takast ut snarast råd er og beitebrukarar må få kompensert tapet dei har ved ekstraarbeidet med tilsyn og meirkostnaden dei har fått og vil få med forseinka slepp.

Til dette skjer rår vi alle beitebrukarar i områder som dei sjølve synes er i faresoner for angrep av ulv i samband med meldingar nå, om så langt som råd er for dyrevelferden - les fôrtilgangen, halda dyra heime eller på inngjerda mark der dei kan ha delvis kontroll over beitedyra. Myndighetene må straks avklara satsar pr. dyr og dag for forseinka slepp både for beitedagar som har gått og som kjem, og setja inn store ressursar for å få retta oppatt beitetilgangen i områda. DETTE ER BEITEPRIORITERT OMRÅDE, OG I ULVESAGAEN I VINTER VART DET SAGT AT UTANOM SONA SKULLE DEI SYTA FOR AT BEITEDYRA FEKK FORRANG! Dette ser vi likevel at Miljødirektoratet ser bort frå i bl.a. svaret sitt om helikopterhjelp på snaufjellet i Ringebu nokra dagar før beiteslepp.

Vi i næringa har ikkje noko med å råda til beitenekt, men vi må av mangel på handling frå myndigheitene råda våre eigne til å tenkja seg om, da dei utan noko skuld i hendinga faktisk kan bli den dobbelt-tapande parten i saka da dei til og med kan tapa i erstatningssamanhang dersom dei nå slepper beitedyra rett i ulvegapet. Vi ber også om at dei som les denne artikkelen spreier den vidare spesielt til beitebrukarane på Toten og Hadeland.

Småfebonde, gjeterhundeier eller sympatisør med næringa?

Meld deg inn i NSG!

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Postadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@outlook.com