Bjarne Berge opna møtet og ønskte velkommen.
Innlegg frå Hilde Håland i Fatland om sauakontrollen
Sauakontrollen vårarbeid: Sjekk manglande opplysningar på sida til kontrollen, og at
registreringane er rette. Slakta sauer skal ein oppgje utrangeringsårsak på. På årsrapporten kan
ein sjå kor ein kan bli betre. Beite/binge kan vere aktuelt med fordeling av dyr og eventuell
tilvekst.
Kopplam: Kva vil ein? Grillam eller haustlam? Konstant foring. Mjuke overgangar. Veg og
slakt etter ynskja slaktevekt. Beitetilskot vert gitt ved haustlam.
Innlegg frå Leif Trygve Berge i NLR Vest om beitedrift med sau
Avdråtten svingar i lag med forkvaliteten. Utnytt garden sine ressursar. Bevar kulturlandskap.
Ha fokus på dyrevelferd. Ha nok beite, vurder behov for tilleggsfor.
Grasvekst/grashøgder: Passe høgt gras er 5-10 cm, vert da over 15 cm vrakast da. Ikkje
snaubeit (under 5 cm). Smakeligheten avtar utover i sesongen.
Vatn på beite: Sauer treng 3-6 liter vatn dagleg. Dei drikk 5-10 gonger dagleg. Sjekk
bekk/stamp.
Gode gjerder trengs.
Beitestell: Vassjuk jord treng drenering. Mogleg med grøftetilskot. Kalking er viktig. Bruk
skjellsand/grovdolomitt max 300 kg pr mål. Litt kalk betre enn ikkje noko. Helikopter er
mogleg. Gjødsling med husdyrgjødsel er mogleg. Gjødsling med mineralgjødsel mogleg sjølv
med dyr på beite. 15-20 kg kvar gong ein gjødslar. 18-3-15 er best, ein treng kalium i beita.
Heilgjødsel er mogleg for langtidsvirkning.
Beitestell – bekjempe ugras:
Ugras er da som vert vraka, er lite smakleg, er giftig, har tordnar eller svir.
Lyssiv er eit problem. Den likar vassjuk, sur og dårleg gjødsla jord. Lav pussing haust/vinter.
Sprøyting virkar godt. Mekoprop og MCPA har behandlingsfrist 2 veker.
2-årig tistel har bladrosett fyrste året, 2. året er det stengel og blomst/frø. Deretter dør den.
Spreiar seg berre med frø. Tiltak: Ein kan hakka den opp eller sprøyta med Mekoprop og
MCPA.
Vegtistel er eit nytt problem.
Høymole – vanleg høymole/byhøymole blir vraka, 3000 frø på kvar stengel på kvar plante.
Sprøyt rosett med Starane XL, frist er 2 veker. Luking med greip.
Landøyda er ein giftig plante for hest og storfe. Blir vraka. Sau tåler eta den. Starane XL til
sprøyting. Frist 2 veker.
Vassarv lyt sprøytast.
Einstape kan slåast eller sprøytast med Grastil + klebemiddel.
Innlegg frå Bjarne Berge om toxoplasmosevaksinering og evaluering
Mange har testa dette. D fleste har gode erfaringar og vil ikkje slutta med dette. Ny
vaksinering lyt tingast tidleg, seinast 1. juli. Kjem i veke 41 og lyt brukast innan 1 veke. Det
er 20 dosar i pakken.
Annan informasjon
Det vert klyppekurs i august. Lyt ha påmelde for oppstart.
Det vert seminkurs i oktober.
Det vert slaktekurs 9. november – slakting og eventuelt partering.
Kåringssjå vert halde siste helga i sptember. Ein lyt vere obs på kva verar ein brukar og kva
delindeksar dei har. Dette sidan ein brukar dei same verane i heile landet.