Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Juni 2017
Ma Ti On To Fr
   1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  
       

Referat fra Styremøte i Nordfjord Gjetarhundlag 3.4.2017

Møtet blei halde på Tenden og heile styret møtte.

 

Sak 7/17     Kurs hos Janne Os på Eid dei to siste helgane i mai. Ho ynskjer å få til eitt oppfylgjingskurs Styremøte i Nordfjord Gjetarhundlag 3.4.2017

med Egil Syversbråten. Ho har henvendt seg til gjetarhundlaget for å få hjelp med det økonomiske med dette. Sjølv ville ho stå som organisator og ta arbeidet med det praktiske kring dette. Sjølvsagt  vil laget stille opp med slik hjelp.

Sak 8/17    Nybegynnerkurs. Dette hadde vi i fjor med stor suksess og ynskjer å få det til i år og. Ailen føreslo å halde eitt sånnt kurs her på Tenden to helgar i juni. 11.juni og 25.juni kan vere to aktuelle datoar for eitt slikt kurs. Ailen annonserar dette.

Sak 9/17   Hestehengaren. Den hengaren som tidlegare er omtala i styremøtevedtaka våre er jo ikkje lenger til sals. Det vi då går for er for inneverande år å leige Halvor og Ailen sin hengar for 1000 kr slik at vi har ein plass å oppbevare utstyr i.

Sak10/17      Medlemsmøte. Dette ser vi som ein kjekk arena å treffe kvarandre på slik at vi får snakke ilag for planlegging av fylkesmesterskapet. Det blei i kveld meldt inn denne prøva til NSG. Medlemsmøte skal vi få til.

Sak 11/17    Det vi då gjekk gjennom var deltakaravgifta til kurset som var i Olden hos Alsaker med Egil Syversbråten den 18.-19.februar og fekk sortert dei etter medlemspris og ikkje medlemspris.

Sak 12/17    Denne saka omhandla kontingent for 2017. Ailen har laga mal og vil sende ut denne.

Sak 13/17     3.klasse prøve. Ifg krav om påmelding til landsprøve der kravet er 60 poeng i klasse 3 så lyt vi prøve å få til ei klasse 3-prøve før 1.juni. Vi må instendig prøve å få til dette, men ser at vi kanskje får store utfordringar med sau til ei slik prøve på den tida av året.

 

For styret Ida Elisabeth Lien

 

 
Nordfjord Gjetarhundlag Org. nr.: 912304078
Besøksadresse​ Kollbeingarden
Postadresse  Olden
Kontakt​  Knut Alsaker tlf: 91329172