Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Oktober 2019
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031   
       

Siste publiserte artikler

Referat styremøt 13. desmeber 2017

Hordaland Sau og Geit                             

 

 

Referat styremøte onsdag 13. desember.

Stad: Thon hotell Sandven Norheimsund.

 

Desse møtte frå styret: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hildal og Tor Arne Sandvik. Ola Steinsland hadde meldt forfall.

Tore Atle Sørheim, Avlsutvalet og Ivar Haug, Gjetarhundutvalet. Ole Johan Eidsnes, Beiteutvalet hadde meldt forfall. 

 

Sak 69/17       Godkjenning av innkalling.

                        Vedtak:

                        Godkjent

 

 

Sak 70/17       Godkjenning av referat frå styremøtet 27.10.17.

                        Vedlegg. Referat frå styremøtet 27.10.17.

                        Vedtak:

                        Godkjent

 

Sak 71/17       Oppsummering etter leiarmøte HSG

                       Vedtak:

                       Gjennomgang av Leiarmøte der ein konkluderte med ei god

                       samling med fokus på to viktige tema som opptar mange sauebønder i

                       Hordaland. Marknadssituasjonen for sau/lam der Nortura og Fatland  

                       deltok.

                       Oppsummering etter kåringa 2017 der det har vert "litt" uro ettersom

                       fleire lam til kåring i 2017 er blitt vraka på grunn av ulla. Thor    

                       Blichfeldt var med og gjekk gjennom kåringa 2017 og samanlikna talla i

                       Hordaland med resten av landet. Viser seg at avvik mellom Hordaland og

                       resten av landet er liten.

                       HSG valte og legga leiarmøte til Comfort Hotel Bergen Airport. Dette

                       Hotellet var ikkje  spesielt eigna for  HSG sitt møte men liten

                         konferansesal Heller ikkje ok innan for maten. Nytt og fint hotell men

                       ikkje for HSG…                   

             

Sak 72/17       Julebord 2017

                       Vedtak:

                        56 personar er påmeldt. Dei fleste reiser med tog tur/retur. Er

                        bestilt buss til utflukt lørdag med besøk på Hol Ysteri og til Jon

                          Lilleslett. Julebord lørdag kveld.   

                      

Sak 73/17     Årsmøte 2018

                      Vedtak:

                      Det er henta inn tilbod frå fleire hotell. Styret legger Årsmøte 2018 til  

                      Stord Hotell.

                      HSG er 70 år og dette skal markerast med blant anna og invitera

                      tidlegare leiarar til årsmøtefesten.

                      Årsmøte tek til laurdag 24. februar kl. 10.00 og blir avslutta same dag

                      Med festmiddag og heimreise etter frokost søndag.

Kjetil tar kontakt med Snialvur Joanesarson og spør om han vil laga      ei oppsummering om HSG gjennom 70 år.

·         Skaffe festleiar

·         Skaffe festtalar

·         Tore Atle sjekkar med lokal underhaldning

·         Levende musikk

·         Open fest for alle medlemmer (påmelding)

   

 

Sak 74/17     Årsmelding for 2017

Vedtak:

Gjennomgang og fordeling av arbeid med årsmeldinga 2017.

Sender spørsmål til Bekkevolds Lyskopi ANS om dei kan trykka Årsmeldinga.

·         Arnt Bakke tar jobben med å skaffe annonser (pris kr. 1000.- heil side og kr. 500.- for halv side.

·         Oddmund og Karluf skal setja saman innhald og vidaresenda til trykkeriet.

·         Reidar skaffar info frå FM til Årsmeldinga

·         Tore Atle lagar info frå Avlsutvalet

·         Tor Are lagar info frå geiteholdet og Geitedagane 2017

·         Ivar Haug lagar info frå Gjetarhundlaget

·         Oddmund tar kontakt med Indre Hardanger Sau og Geit om og ha  lokallaget sin årsmelding i årsmeldinga til HSG

·         Alle fristar er sett til 10. januar 2018.

 

Sak 75/17     NM i bruk av gjetarhund 2018 i Hordaland? Søknad er sendt.

Vedtak:

Hordaland Gjetarhundlag har send søknad til NSG om og arrangera NM  i Gjetarhund 2018. HSG stiller seg bak søknaden. Prøver og få NM til etter at kåringane i Hordaland er ferdig. Det er heller ikkje ennå bestemt kor i Hordaland det blir men Rosendal er i diskusjonen. Gjetarhundlaget sender søknad til HSG om pengestøtte til NM.

 

Sak 76/17      Vedtak: 

                       Fagsamling beitebruk i Hordaland 26. – 27. januar 2018

                       Fagsamling om beitebruk i Hordaland skal arrangerast 26. – 27. januar

på Scandic Flesland Airport. Samarbeid mellom FM og HSG. Sjå program og påmelding:  http://www.nsg.no/kalender/arets-fagsamling-om-sau-i-utmark-article12763-1015.html

HSG ber slakteria send sms for påmelding.

 

Sak 77/17     Innspel til jordbruksforhandlingane 2018

                      Vedtak:

Diskusjon om områder der sauen må styrkast i Jordbruksforhandlingane 2018:

·         Bevara helst auka tilskot til småfe på utmarksbeite

·         Auka tilskot til grøfting

·         Differensiering på slaktetilskot lam, med ny gruppe. Alle lam i klasse O får tilskot på kr. 250.- og uendra slaktetilskot på O+ og betre.

Grunnen til at HSG vil innføra ny gruppe i klasse O er at det er mange lam som kommer frå smårasar som utnyttar dei marginale beiteforholda i Hordaland. Difor er dette viktig.

Sak 78/17     Aktivitetsplan for 2017  

                      Vedtak:

                       Styret gjekk gjennom aktivitetsplanen for 2017. Det er 2 saker som må følgjast opp:

·         Tilskot til netto medlemsauke i lokallaga

·         Kjetil ber om møte med Apoteka og får ny avtale til 1. mars 2018. 

 

Sak 79/17     Budsjett 2018

                      Vedtak:

                      Blir utsett til neste styremøte.

 

Sak 80/17     Budsjett Gjetarhund 2018

                      Vedtak:

                      Blir utsett til neste styremøte.

Sak 81/17    Budsjett Avlsutvalet 2018

                      Vedtak:

                      Blir utsett til neste styremøte.

 

Sak 82/17    Ymse

·         Innkjøp av gåveartiklar

·         Neste styremøte 10. Januar 2018

Sek

KH

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com