Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Desember 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     

Siste publiserte artikler

Referat styremøte 23. februar

Hordaland Sau og Geit                             

 

 

                                     

 

Referat styremøte fredag 23. februar 2018.

Stad: Stord Hotell, Stord.

 

Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hildal og Ola Steinsland. Tore Atle Sørheim frå Avlsutvalet og Ivar Haug frå Gjetarhundutvalet.

Ordstyrar i Årsmøte Jon Karsten Raunholm møtte til sak 22/18.

 

Tor Arne Sandvik frå styret og Jarle Helland, Beiteutvalet hadde meldt forfall.

 

Saksliste:

 

Sak 16/18 Godkjenning av innkalling.

           Vedtak:

           Godkjent.

 

Sak 17/18 Godkjenning av referat styremøte 10. januar 2018.

             (vedlegg referat styremøte 10. januar 2018) 

            Vedtak:

  1.  

 

Sak 18/18 Budsjett 2018.

Vedtak:

Styret utarbeida forslag til budsjett for 2018 med ei inntekt på kr. 645.550.- og              utgifter på kr. 738.550.-. Eit underskot på kr. 93.000.-. Sjå vedlegg.  

 

Sak 19/18 Arbeidsplan 2018

Vedtak:

Styrte utarbeida arbeidsplan for 2018 som blir lagt fram for godkjenning i Årsmøte.          Sjå vedlegg.

    

Sak 20/18 Orienteringssaker:

  • Apotekavtalen 2018.

Kjetil orienterte om arbeidet med og få til ny avtalen med Apotek1. Håper den kommer på plass snart. Vil bli lagt ut på heimesida når den er klar.

Når det gjelder avtalen med Vitusapotek, gjelder den avtalen inn til vidare. Sjå: http://www.nsg.no/hordaland/

 

 

 

 

Sak 21/18 Innkomne saker til Årsmøte 2018.

Frå Radøy Sau og Geit:

HSG har e-post adressa til leiar i lokallaga, til tider kjem det post til oss(lokallaga) med korte svarfristar, visst då leiar ikkje er på nett går dette hus forbi.

Adresselista bør utvidast slik at både leiar og nestleiar mottek e-postane frå HSG

Vedtak: Styret i HSG tar saka til etterretning

 

Verving av nye medlemer

Dette er vorte ein vanskeleg prosess no (Kjetil Rødland fekk innføring då han besøkte Radøy Sau og Geit på årsmøtet). Kommunikasjonen til/frå administrasjonen i NSG MÅ utbetrast.

Vedtak: Styret i HSG tar saka til etterretning

 

 

For å lettare få med nye medlemer (hovudmedlemer) foreslår eg at NSG/HSG og lokallaga (her er fordelinga etter kor stor del dei enkelte får av kontingenten) lettar på pengepungen med at dei får eit års gratis medlemskap

(dette er sjølvsagt noko dei berre får benytta ein gang).

 

Vedtak: Alle nye hovudmedlemmer i lokallaga skal støttast med kr. 500,. pr.

medlem. Medlemstala ved nyttår skal brukast som grunnlag. Saka skal evaluerast

ved neste årsmøte.

 

 

Sak 22/18 Avvikling av Årsmøte 2018 og arbeidsfordeling.

Vedtak: Jon Karsten Raunholm gjekk gjennom saksliste til Årsmøte. Han gjekk og gjennom fordeling av arbeid under årsmøte.

 

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com