Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Desember 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     

Siste publiserte artikler

Referat styremøte torsdag 6. desember 2018

 

Referat styremøte torsdag 6. desember 2018.

 

Stad: Nortura Evanger, Evanger

Desse møtte: Reidar Kallestad, Kjetil Rødland, Arnt Bakke, Oddmund Hildal, Ola Steinsland. Tor Arne Sandvik hadde meldt forfall.

Tore Atle Sørheim møtte for Avlsutvalet og Ivar Haug frå Gjetarhundnemnda.

 

Saksliste:

 

           Sak 58/18 Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedtak: Godkjent.

 

           Sak 59/18 Godkjenning av referat styremøte 27. sep. 2018

                 (vedlegg referat styremøte 27. sep. 2018)

Vedtak: Godkjent.

 

Sak 60/18 Orientering saker:

  • Fagtur med Julebord

Kjetil orienterte, 41 påmeldt så langt. Legger ut info til påmeldte med endring i rutetider for buss. Har avtalt gardsbesøk og lunsj på Mo Laksegard.

  • Oppsummering etter leiarmøte 2018

Har fått tilbakemeldingar om ok leiarmøte. Ok program og aktuelle saker.

  • Varaperson til Avlsutvalet for sau:

Utfordra ring 152 med og komma med forslag på person til varaplassen i Avlsutvalet. Arnt Bakke tar denne saka.

  • Info frå NSG v/ Reidar

Reidar har etterspurt info frå NSG til lokallaga angåande saka om "støy etter landsmøte" og redaktøren sin avgang. Dette er blitt lova frå NSG med det føreligger ikkje noko ennå.

  • Tap av lam på sommarbeite deler av Hardanger:

Reidar orienterte om opplysningar som er komet fram om store tap av lam på sommarbeite rundt Folgefonna. Det blir nå kalla inn til møte  med SNO, FM og berørte sauehaldarar. Oddmund møter her. 

 

 

 

  • "Tulla sauegolv":

Denne saka har pågodt snart i to år. Etne Sau og Geit har etterspurt svar frå NSG men NSG har vert vanskelege å få i tane. Reidar stilte spørsmål til  leiar i NSG og bedt han ta dette opp med administrasjonen i NSG.

Det føreligge nå brev frå NSG.

Sak 61/18 Årsmøte 2019

Etter å ha diskutert plassering av årsmøte 2019, fekk sek. i oppgåve og sende spørsmål og be om tilbod frå Hotell Ullensvang. Svar føreligger men Ullensvang hadde ikkje plass til HSG. Etter dette er det gått spørsmål til Park Hotel Vossevangen som hadde plass.

Det blir arbeidt med og skaffa aktuelle foredragshaldarar. (Leiar NSG, SNO og helsetenestene for sau v/Tore Skeidsvoll Tollersrud)

Vedtak: Årsmøte 2019 er 22. -23. februar på Park Hotel Vossevangen. Program og innkalling kommer seinare.

 

Sak 62/18 Årsmelding

Gjennomgang av innhald til Årsmelding for 2018. Diverse oppgåver blir fordelt på styremedlemmene.

Har du blider som du har lyst til å dela med HSG til bruk i Årsmeldinga sender du dei til Oddmund Hildal på: oddmundhildal@hotmail.com

Vedtak: Frist innsending av stoff til Årsmeldinga er 20. januar.

 

 

Sak 63/18 Oppsummering etter NM i gjetarhund

Ivar Haug orienterte frå NM Gjetarhund. Det er gode tilbakemeldingar- så lang ingen negative. Boforholda ok, men litt reaksjon på høg pris.

Beklageleg vis var det eit ufyseleg ver, men det får ein ikkje gjort noko med.

Mat, bespisning fungerte godt.

Bruk av storskjerm var ein suksess!

Sauene som blei brukte i konkuransen var gode.. 

Den økonomiske oversikten er ikkje klar, men ein ser for seg eit pluss.

Vedtak: God organisert og godt resultat.

 

Sak 64/18 Innspel til valnemnda i NSG (sjå vedlegg)

Etter ein runde kom Styret fram til dette forslaget som sendes valnemnda i NSG:

Vedtak: Personar som er i Styret og er på val, ingen forslag.

Når det gjelder varamedlemmer til Styret føreslår HSG:

Kjetil Rødland 2. vara til Styret.

Medlem i valnemnda frå Vest, 2019 – 2021 Reidar Kallestad

 

Sak 65/18 Innspel til diverse priser i NSG (sjå vedlegg)

Styret hadde ein gjennomgang av aktuelle personar som innfrir krava til følgande prisar:

Vedtak: "Gjetar`n – ein nasjonal gjetarhundpris, her har HSG forslag på Audun Seilen.

"Gromsauen" – ein nasjonal sauepris som deles ut til ein person som har utmarka seg innanfor sauehaldet på fleire områder. HSG har forslag på Ove Holmås.

 

Sak 66/18 Heimesida til HSG

Diskusjon om og gjere heimesida til HSG ennå meir attraktiv.. korleis klarer me det?

Vedtak: Legga ut aktuell info, gjerne link til tema som er i fagblad… prøva og ha minst ein ny sak kvar veke.

 

Sak 67/18 Innspel til jordbruksforhandlingane 2019

Runde rund bordet, det er mange områder ein ser at det kunne vert auke/satsa meir på tilskot,  som for eksempel: Investeringsstøtte, utmarksbeite, sporingsverktøy på sau og behalde dagens ordning på kvalitetstillegg lam.

Vedtak: Styret ber lokallaga senda inn forslag på saker som er viktige og prioritera til HSG innan 15. januar 2019.

 

Sak 68/18 Aktivitet/møteserie 2019

Gjennomgang av kva aktivitetar/møteserie.

Vedtak: Grillaksjon blir og i 2019 dato ikkje sett. Dyrevelferdsforskrifta møteserie her? Hausten 2019.

Krus i grilling.  Ber lokallaga og komma med innspel på aktuelle tema.

 

Sak 69/18 Tettare samarbeid med raselaga for sau

Vedtak: Saka er utsett til neste styremøte.

 

Sak 69/18 Ymse

Etterlyser sluttrekning etter leiarmøte frå Quality Hotel Edvard Grieg. Er ikkje komet ennå.

Neste styremøte er planlagt til veke 3. i 2019. Planlegg siste del av møte felles med Avlsutvalet. 

 

 

 

Karluf Håkull

Sek.

 

 

Hordaland Sau og Geit
 

Kontakt Tlf.: 980 62 093
E-post: oddmundhildal@hotmail.com