Avlsarbeidet på sau skapar engasjement anten man driv avl i eigen besetning, er medlem i verering, vereholdslag eller er forskar.
På vår konferanse får du oppleve føredragshaldare som vil ta for seg både teori og praktisk arbeid i dei varierte avlsopplegga og knyte dette opp mot sikkerheita i avlsarbeidet.
Morsevne og andre søyeeigenskapar er under vurdering i avlsrådet. Er det rett vektlegging på dei ulike eigenskapene? Her har du sjansen til å koma med di meining!
Viktige tema som genomseleksjon, kjøtsau, avlsarbeid på spel og bruk av semin og eliteverar håpar me og vil bidra til å gjere konferansen interessant.
Påmelding og pris
Konferansen startar 3. februar kl 11:30 og sluttar 4. februar kl.14:00. Deltakaravgift for overnatting i enkelt-/ dobbeltrom blir kr. 1645,- . Det er og mulig å bli med utan å overnatta på hotellet. Då vil det kosta kr. 990 for begge dagar.
Bindende påmelding innan 15. desember til:
Clarion Hotel Bergen Airport
Telefon: 56100000
Oppgi referansenummer ved bestilling: 174945
Program
Fredag 3. februar 2012
11:30 Lunsj og innsjekking
12:30 Opning ved Audun Nedrebø, leiar i region Vest
12:45 Avlsarbeidet i NSG. Kva kostar det og kva oppnår vi? Ved Thor Blichfeldt, avlssjef
13:15 Er utfordringane med avlsarbeid i store og små besetningar dei same?
- Tradisjonell ringdrift ved Lars Nesse, leiar i Lærdal verering
- Gransking i eigen flokk, ved Bernt S. Undheim, medlem Hå verering
- Diskusjon i plenum
14:30 Pause
14:45 Sikkerheit i avlsverdivurderinga ved Sigbjørn Eikje, avlsforskar
15:45 Pause med forfriskingar
16:15 Søyeeigenskapane
- Mjølkeevne, fødselsvekt, søyevekt, lammetal og lammedød, helse og holdbarheit, ved Sigbjørn Eikje
- Samanheng mellom morsevne og andre eigenskapar, ved Sigbjørn Eikje
- Diskusjon i plenum
19:00 Slutt på fagprogrammet
20:00 Middag og sosialt samvær
Laurdag 4. februar 2012
08:30 Avl på spelsau
- Avlsframgangen på spel, ved Thor Blichfeldt
- Utfordringar og framtida for spelsauavlen, ved Kristen Risnes, leiar i Hordaland spelsauring
- Diskusjon i plenum
10:00 Utsjekking og kaffipause
10:30 Avl på kjøtsau – tek vereringane utfordringa? Ved Thor Blichfeldt
11:15 Skal godsøya få semin, elite eller ”småelite”? Ved Thor Blichfeldt
12:00 Genomseleksjon, kva skjer i saueavlen. Ved Thor Blichfeldt
12:30 Visjoner for saueavlen i Norge? Ved Bjørn Høyland, leiar i Avlsrådet
13:00 Lunsj og avreise
Merk påmeldingsfristen 15. desember!
Informasjon om pris og påmelding er gitt over programmet.





Siste kommenterte artikler