Banner Banner Banner Banner

Aktivitetskalender

  November 2019
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930 
       
  • Fylket si største værlamkåring.

    23.01.2017 | Skrevet av Vidar Sandal

    Fylket si største værlamkåring var også i år arrangert i Breim. Breim Sau og Geit i lag med Gloppen. 24 sauehaldarar fekk kåra122 lam og i tillegg 9 lam på dispensasjon. 18 lam vart vraka. Deltakinga var ny rekord for arrangementet som var inne i ridehallen på fjordhestgarden. Bra deltaking frå publikum sjølv med storhendinga Open gard helga før.

     

    Les mer

  • Årsmøte i Breim Sau og Geit.

    16.01.2017 | Skrevet av Vidar Sandal

    NorskFjordhestgard måndag 30. Januar 2017 kl. 20.00.

    Årsmelding og Sakliste

    Sakliste:

    1. Val av møteleiar.

    2. Godkjenning av innkalling og sakliste.

    3. Val av skrivar og 2 personar i tillegg til møteleiar å skrive under møteprotokoll.

    4. Årsmelding.

    5. Rekneskap.

    6. Arbeidsplan.

    7. Fagleg innlegg.

    8. Jordbrukstingingar 2017.

    9. Val. Styre, Revisor, Valnemnd.

     

    Val av 2 utsendingar til fylkesårmøtet og vara.

    Eventuelle saker som ein ønskjer å ta opp på årsmøte, må vere styre i hende seinast 26. Januar.

    Tiliitsvalde som seier frå seg gjennval må gje melding til valnemnda ved Reidar Sandal reidarsandal@gmail.com innan onsdag 25.Januar.

    Styret.

     

    Les mer

  • Innbyding til ope møte om den nye jordbruksmeldinga

    08.01.2017 | Skrevet av Jonny Lofnes

    Blir det endring og utvikling …………. eller vil endring og avvikling vere ein meir reell tittel sett med vestlandsauge?

    Les mer

  • Presseklipp siste åra i Breim Sau og Geit

    11.12.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Her kan du sjå mange av aktivitetane som har blitt gjennomført i Breim Sau og Geit gjennom 4 siste åra.

    Takkar samtidig Gloppen Sau og Geit ved Kjell Mardal for mykje godt samarbeid.

     

     

     

    Les mer

  • Suksess for Open Gard.

    06.12.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

     

    Open Gard vart gjennomført på Norsk Fjordhestgard laurdag 1.Oktober. Breim Sau og Geit arrangerte i lag med Breim Bondelag, Norsk Fjordhestgard og Breim Bygdekvinnelag. Noko intens planlegging siste 40 dagane i forkant gav ein spire for rammene til ein god marknadsdag på fjordhestgarden. Engasjerte organisasjonar som jobba godt i lag med sine fagfelt. Breim Sau og Geit hadde ansvar for å rigge bingane i ridehallen for husdyra. Stille med sauer, kje og gjennomføre saueklipping og gjetarhundoppvisning for demonstrasjon. Sau og geit deltok iden generelle planlegginga og hadde hovedansvar for mediaprofileringa. God mediaomtale i forkant og etterkant av dagen gav resultat. kring 500 gjester møtte fram. Det var triveleg med kalvemønstring, hopping i høyet, mange ulike husdyrslag, riding med hest og vogn, maskinutstilling, ulike salsboder, partering av 2 lam på låvebrua og middag på låven.

    Les mer

  • Værlamkåring på Norsk Fjordhestgard Laurdag 8. Oktober.

    04.10.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Laurdag 8.oktober frå kl. 09.00-16.00 vert det kåring av værlam på Norsk Fjordhestgard på Breim.

    Ta med familie og venner og bruk dagen på fjordhestgarden.

    Aktivitetat for små og store, samtidig som du kan kjøpe deg middag på låven.


    Breim og Gloppen Sau og Geit arrangerar laurdag fylket si største kåring av værlam. Storhendinga går føre seg på Fjordhestgarden på Breim. Her vert samla sauer frå heile Gloppen. For 2 år sidan stilte 132 lam og vi håpar på tilsvarande i år. Vi gjentek suksessen og siktar mot ein triveleg familiedag inne i ridehallen på Norsk Fjordhestgard.

    Det vert aktivitetar for både store og små. Natursti for ungane og tippekonkurranse på vekta av storværen frå Bø. Fin premiering og muleg for ungane å ri på hest. Det vert kaffiservering og noko å bite i nede i hallen.

    Nytt dagen på fjordhestgarden og muleg å få seg betasupa eller pølse på låven frå kl.12-14. Vel møtt til ein triveleg dag på Breim.

    Slik som dei par siste åra vert det felles kåringssjå for Gloppen på Fjordhestgarden. Meld på lam og møt opp med heile familien!

    Det er nokre endringar av reglane frå i fjor:

    • Seinast dagen før kåring må alle opplysningane vere korrekt registrerte i sauekontrollen, også haustvekt og haustvektdato.
    • For NKS-lam er O-indekskravet heva frå 110 til 115.
    • Ta turen inn om NSG og les dei nye reglane som er innførte i 2016 : http://www.nsg.no/sau/karingsreglene-for-sau-2016-article11124-494.html
    •  

    Hugs påmelding til Ove Sørestrand, 6947 Lavik tlf:577 06 170 ove.sorestrand@tine.no seinast 2 dagar før sjået

    Breim og Gloppen Sau og Geit.

    Les mer

  • Ullinnsamling i Breim fredag 13. Mai.

    05.05.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert innsamling av ull i Breim Fredag 13. Mai kl. 17.30- 18.30.
    Oppmøte vert ved Breimshallen.
     
     

    Les mer

  • Triveleg fjøsmøte i Gloppen.

    18.03.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Gloppen i lag med Breim Sau og Geit arrangerte fjømøte hos Frode Fjellestad i Fjellbygda torsdag kveld. Mange sauebønder og andre interesserte tok turen til Fjellbygda, kor gardbukaren viste dei 42 frammøtte det nye fjøsbygget sitt. Fjøsen er tilbygg til eksisterande bygning.

     

     

     

    Les mer

  • Sikre inntekta til geitbonden framover.

    20.02.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Breim Sau og Geit meinar at dei 285 gjenverande geitmjølksprodusentane i Norge må sikrast ein tryggare leveveg i næringa.

    Bonden som produserar geitmjølka må eige mjølkekvoten sin.

    Leige av mjølkekvote tappar geitmjølksprodusentane for mykje økonomisk.

    Laget har sterke meiningar om at det må bli ei avvikling på utleige av geitmjølkskvote.

    Den som produserar kvoten skal framover eige kvoten.

    Den som produserar kvoten må innan ei overgangstid på 5 år få overført/kjøpt kvoten som vert leigd i dag.

    I 2015 var 20,4 % av total disponibel geitemjølkkvote på 21.914.991 liter leigd.

    Det er meiningslaust at geitmjølkskvote vert vekkleigd for både 2 kr. og gjerne meir pr. liter.

    Kvotesal av det som er historisk frå staten må styrast innan fornuftige prisrammer.

    Det må gjevast ein tidsfrist til dei som leiger ut på maksimum 5 år slik at dei som vurderar å starte produksjon sjølve skal kunne det.

    Det kan ikkje vere slik at dei som ikkje ynskjer å produsere sjølve skal tappe økonomien til dei som har invistert millionar av kroner for å produsere geitmjølk inn i framtida.

    Det må innførast eit maks kvotetak på 200 000 for geitmjølk slik at vi opprettheld dei 285 eksisterande produsentane som no er att i Norge.

    Les mer

  • Kjøt frå ung geit må verdsetjast.

    20.02.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Geitnæringa må få betre pris for produksjon av kjøt av eldre kje og unggeiter.

    Det vert i dag avliva for mykje nyfødde kje. Grunnen til dette er at det ikkje løner seg økonomisk. Dette er meiningslaust når ein kan produsere ei kvalitetsvare som er etterspurd i marknaden.

    Utfordringa er at det i dag ikkje vert prioritert av slakterinæringa og dei som set kjøtprisen på kje og unggeit. Det er etisk dårleg å ikkje fore fram desse dyra til ei smakfull og sunn råvare.

    Derom ein forar fram kjea og slepper dei på friskt fjellbeite til fram mot September vert desse dyra klasifisert som geit med ein kjøtpris frå 50 øre til 5-6 kroner kiloen. Dette er vel det som næringa verkeleg kan kalle mangel på etikk!

    Næringa krev at noko alvorleg må gjerast med klasifiseringsregelverk og prissetjing av ung geit.

    Vi meinar at det må innførast ordningar som gjer at dette kjøtslaget vert økonomisk forsvarleg å produsere til marknaden.

    Slaktetilskot på 500 kroner og betre pris og klasifisering tilpassa denne dyrearta, vil vere grep som er naudsynte for å få fram dette kjøtslaget.

    Med slaktevekter i September på kring 15 kilo er dette gode slakt for unge geiter og må prisast slik at det vert fora fram av geitebøndene for ein aukande marknad.

    Les mer

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201