Banner Banner Banner Banner

Aktivitetskalender

  September 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30      
  • Jordbrukstingingar 2016.

    02.02.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Innspel frå Breim Sau og Geit.

     

    Breim Sau og Geit diskuterte i styremøte samt under lokallagsårsmøtet den 28.01.

    Laget var einig i utvala sine utgreingar og la vekt på følgande punkt:

    Laget har sterke meiningar om at det må bli ei avvikling på utleige av geitmjølkskvote.

    Den som produserar kvoten skal framover eige kvoten.

    Den som produserar kvoten må innan ei overgangstid på 5 år få overført/kjøpt kvoten som vert leigd i dag.

    Det er meiningslaust at geitmjølkskvote vert vekkleigd for både 2 kr. og gjerne meir pr. liter.

    Kvotesal av det som er historisk frå staten må styrast innan fornuftige prisrammer.

    Det må gjevast ein tidsfrist til dei som leiger ut på maksimum 5 år slik at dei som vurderar å starte produksjon sjølve skal kunne det.

    Det kan ikkje vere slik at dei som ikkje ynskjer å produsere sjølve skal tappe økonomien til dei som har invistert millionar av kroner for å produsere geitmjølk inn i framtida.

    Det må innførast eit maks kvotetak på 200 000 for geitmjølk slik at vi opprettheld dei 285 eksisterande produsentane som no er att i Norge.

    Viktig å få ein vesentleg auka økonomi til dei 100 første vinterfora sauene, både innan husdyrtilskot og utmarksbeitetilskot.

    Geita må styrkast økonomisk for dei første 125 mjølkegeitene.

    Må oppnå ein vesentleg auke i avløysartilskot.

    Det må bevilgast friske midlar slik at sanneringa av ammegeitsflokkane vert følgd opp og smittesikra.

    Slaktetilskotet på kje må verte auka til 500 kroner pr. slakt, slik at det vert oppnådd ein viss økonomi for oppdrett av kjekjøt. Her må det kome gode nok økonomiske grunnar til slik at vi unngår så mykje avliving av nyfødde kje som vi har i dag og samtidig produsere eit fantastisk produkt til forbrukar.Slaktegrensa kan gjerne aukast til 4.5 kg.

    Les mer

  • Ullinnsamling i Breim.

    31.01.2016 | Skrevet av Jonny Lofnes

    Det vert ullinnsamling for heile Breim inkludert Kandal onsdag 03. februar kl. 16.30-18.00. Oppmøte ved Breimshallen. Mvh. Breim Sau og geit.

    Les mer

  • Geitmjølk mot allergi?

    22.01.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Mange har ulike allergiar og toler dårleg ein del typar mjølkeprodukt. Nokre erfarer at om dei ikkje toler kumjølk av ulike årsaker, så er geitmjølk eit godt alternativ for mange av desse.

    Geitmjølka har siste åra fått ein mykje mildare og rundare smak som fell betre i smak for forbrukar. Geitmjølk vert tappa på mindre kartongar og er muleg å skaffe i butikk.

    Ei større gruppe har ulike mage og tarmutfordringar og nokre gjer seg erfaringar om ulike typar mindre bearbeidde landbruksprodukt som dei toler betre enn andre. Breim Sau og Geit ynskjer å invitere alle interesserte til ein fagdel under årsmøtet vårt komande torsdag på Norsk Fjordhestgard.

    Fagdelen startar 1 time etter årmøtestart og vert open for alle med interesse for ulike matprodukt ein gjerne toler betre om ein har utfordring med t.d. mjølkeallergi.

    Vi har fått Crister Hamre til å fortelje oss litt om kva han meiner er årsaka til at enkelte er følsomme for ein del typar matprodukt. Han driv eige selskap med omsetjing av økologiske og mindre bearbeidde matvarer og har sterke meiningar om kva som skal til for at dei som er sensitive skal få ein betre kvardag med inntak av matvarer.

    Eit av spørsmåla er om vi vil få svar på om geitmjølk er betre å fordøye for enkelte enn kumjølk.

    Møt opp på Norsk Fjordhestgard på torsdag 28. Januar kl. 21.00 og få ny kunnskap og sterke meiningar om folkehelse og mat.

     

     

    .

     

    Vel møtt.

    Breim Sau og Geit.

    Les mer

  • «Sporstoffmøte» ONSDAG 20. JANUAR, BORGJA, ÅLHUS

    13.01.2016 | Skrevet av Jonny Lofnes

    Jølster Sau og Geit og veterinær i Jølster, Karin Johnsen, inviterer sauebøndene i Førde, Gloppen, Jølster, Sogndal og Leikanger til «Sporstoffmøte»

    Les mer

  • Årsmøte i Breim Sau og Geit.

    11.01.2016 | Skrevet av Jonny Lofnes

    Norsk Fjordhestgard torsdag 28. Januar 2015 kl. 20.00.

    Les mer

  • Årsmøte i Breim Sau og Geit torsdag 28. Januar

    10.01.2016 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert halde årsmøte i Breim Sau og Geit torsdag 28. Januar kl. 20.00 på Norsk Fjordhestgard. Vi kjem tilbake med sakliste og årsmelding. Vi håpar flest muleg set av denne kvelden.

    Les mer

  • Største kåringa i fylket.

    27.10.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Fylket si største værlamkåring vart arrangert laurdag 3. Oktober på Norsk Fjordhestgard. Breim Sau og Geit arrangerte i lag med Gloppen Sau og Geit og kåra denne dagen 125 værlam. 4 av desse var på dispensasjon.

    Det var ein triveleg dag kor sauenæringa frå heile Gloppen Kommune var samla. Det var mykje publikum og god stemning inne i ridehallen.

    Kåringa starta kl. 09.00 nede i ridehallen og heile 148 lam var påmelde.

    Vi hadde ulike aktivitetar for familien denne dagen med natursti, ulike konkurransar, riding, gjetarhund, og middag i kafeen frå kl. 11-14.

    Småfenæringa treng slike faglege og sosiale møteplassar for utvikling og trivsel i næringa.

    Spælklassa var Kristian Mardal best med 159 poeng og Svein helge Hovstad med same poengsum på 2. Bø Fellesfjøs tok 3.plassen med 158 poeng.

    NKS klassa vart vunnen av Rolv Roger Mykland med 178 poeng, Kristian Mardal på andre med 176 og Rune Gimmestad på 3. med 173 poeng. Beste breimning på 15.plass med 165 poeng.

    Beste Pels fekk Mardal Samdrift med Anders A Flølo på 2. og 3. plass.

    Sjeviot vann Anders A Flølo med 157 poeng.

     

    Rase                  Ikke vurdert -Kåra -Kåra disp -Vraka -Sum

    NKS                       7               98          0              5        110

    Spæl (kvit)             3                15          0             3          21

    Sjeviot                    0                 1          0              2            3

    Pelssau                  0                 0          3              0            3

    Farga spæl             1                 1           0             0            2

    Blæset                     0                6           0              2           8

    NorX                        0                0           1              0           1

    Totalt                      11            121           4            12       148

     

    Les mer

  • Værlamkåring laurdag 3. Oktober.

    15.09.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Fylket si største værlamkåring vert arrangert laurdag 3. Oktober på Norsk Fjordhestgard. Breim Sau og Geit arrangerar i lag med Gloppen Sau og Geit og kårar denne dagen alle værlamma i heile Gloppen Kommune.

    Vi planlegg ein triveleg familiedag på fjordhestgarden. Kåringa startar kl. 09.00 nede i ridehallen. Vi tek sikte på ulike aktivitetar for familien denne dagen med natursti, ulike konkurransar, riding, gjetarhund, maskinutstilling av småfeutstyr og middag i kafeen frå kl. 11-14.

    Påmelding av lam til

    annelise.molland@nortura.no

     

     

     

    Les mer

  • Skotpremie for rev og mink.

    13.09.2015 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert fortsatt utbetalt kommunal skotpremie for rev og mink.

    Breim Sau og Geit har jobba godt i lag med Gloppen Sau og Geit og med Gloppen Jeger og Fisk opp mot kommunen om fortsette å løyve skotpremie til felling av rev og mink..

    Les mer

  • info juni 2015

    05.07.2015 | Skrevet av Jonny Lofnes

    Medlemsinfo juni 2015

    Les mer

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201