Banner Banner Banner Banner

Aktivitetskalender

  November 2019
Ma Ti On To Fr
    123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930 
       
  • Stormøte om gjerdeplikt og beiterett.

    18.10.2014 | Skrevet av Vidar Sandal

    Tysdag 28. oktober kl. 19.00 vert det stormøte på Norsk Fjordhestgard.

    Gjerdeplikt og beiting er eit tema som blir meir og meir utfordrande, etter som talet aktive bønder med dyr går ned. Breim Bondelag, Breim Sau og Geit og Gloppen Kommune arrangerar eit møte om temaet, som vi håpar mange grunneigarar vil møte opp på. Vi håpar å få fokus på rettar og plikter ein som grunneigar har.

    Ramme program

    19:00 – 19:15    Innleiing om utfordringar kring gjerdehald.                      

    Ved Trine Alme, Gloppen kommune.

    19:15 – 20:00    Kva moglege løysingar har ein for å få til eit godt gjerdehald?                                                                                       

    Innleiing ved Eivind Helleland, Nordfjord jordskifterett

     20:00 – 20:15   Pause med vafler / sveler, kaffi og kanskje litt TINE varer.

     20:15 – 20:45   Gjerdehald mot riks- og fylkesvegar.

    Statens vegvesen sine rettar og pliktar. Kva kan/må bonden gjere?             

    Innleiing ved Ann Kristin Nes, Statens vegvesen.

    20:45- Diskusjon og oppsummering. 

     

    Eivind Helleland har med seg kravskjema. Han har høve til å ta i mot krav om gjerdeordningssaker i etterkant av møtet.

    Les mer

  • Leiarsamling laurdag 8. november

    16.10.2014 | Skrevet av Jonny Lofnes

    Det blir leiarsamling i Førde laurdag 8. november, kl 10- 16. Påmelding innan 1. november til sekr.sognogfjordane@sauoggeit.no/ tlf 977 36 176 eller leder.sognogfjordane@sauoggeit.no/ tlf. 416 33 346

    Les mer

  • Breim Sau og Geit søker om utvida bandtvang.

    13.10.2014 | Skrevet av Vidar Sandal

    Breim Sau og Geit søker i lag med Gloppen Sau og Geit om varig utvida bandtvangstid for heile Gloppen fram til 1. November.

    Les mer

  • Værlamkåring på Norsk Fjordhestgard Laurdag 4. Oktober.

    28.09.2014 | Skrevet av Vidar Sandal

    Laurdag 4.oktober frå kl. 10.00-16.00 vert det kåring av værlam på Norsk Fjordhestgard på Breim.

    Ta med familie og venner og bruk dagen på fjordhestgarden.

    Aktivitetat for små og store, samtidig som du kan kjøpe deg middag på låven.


    Breim og Gloppen Sau og Geit arrangerar laurdag fylket si største kåring av værlam. Storhendinga går føre seg på Fjordhestgarden på Breim. Her vert samla sauer frå heile Gloppen. For 2 år sidan stilte 132 lam og vi håpar på tilsvarande i år. Vi gjentek suksessen og siktar mot ein triveleg familiedag inne i ridehallen på Norsk Fjordhestgard.

    Det vert aktivitetar for både store og små. Natursti for ungane og tippekonkurranse på vekta av storværen frå Bø. Fin premiering og muleg for ungane å ri på hest. Det vert kaffiservering og noko å bite i nede i hallen.

    Nytt dagen på fjordhestgarden og muleg å få seg betasupa eller pølse på låven frå kl.12-14. Vel møtt til ein triveleg dag på Breim.

    Slik som dei par siste åra vert det felles kåringssjå for Gloppen på Fjordhestgarden. Meld på lam og møt opp med heile familien!

    Det er nokre endringar av reglane i år:

    • Seinast dagen før kåring må alle opplysningane vere korrekt registrerte i sauekontrollen, også haustvekt og haustvektdato.
    • For NKS-lam er O-indekskravet heva frå 110 til 115.

    Hugs påmelding til Ove Sørestrand, 6947 Lavik tlf:577 06 170 ove.sorestrand@tine.no seinast 2 dagar før sjået

    Breim og Gloppen Sau og Geit.

    Les mer

  • Kåringene på sau 2014 - skrive av Thor Blichfeldt

    29.08.2014 | Skrevet av Jonny Lofnes

    http://www.nsg.no/sau/kaaringene-paa-sau-2014-article8041-494.html

    Les mer

  • Kåringssjå i Sogn og Fjordane 2014

    17.08.2014 | Skrevet av Jonny Lofnes

    Revidert utgåva kåring 2014

    - Einar Helge Haugstad -

    Les mer

  • Ulveobservasjon på Utvikfjellet.

    30.07.2014 | Skrevet av Vidar Sandal

    Tysdag morgon var det gjordt observasjonar av eit digert hundedyr som kan vere ulv. Observasjonane var gjordt nokre meter vest for Nuken på Utvikfjellet. Beitelaga i området er varsla av Breim Sau og Geit. Det er viktig at saueeigarar i området og tilstøytande områder tek turen ut i beiteområdet for å observere eventuell unormal adferd i sitt beiteområdet. Ved funn av skadde dyr skal det gjevast melding til SNO(statens naturoppsyn) ved Rein Arne Golf 480 94 364 eller e-post  rein-arne.golf@miljodir.no . SNO tek ikkje turen ut i terrenget før det vert påvist skade på husdyr. Kadaver skal dekkast til med plast straks slik at fugl og andre ikkje øydelegg eventuelle skadebevis på kadaveret. Dette er viktig for eit eventuelt fellingsløyve.

    Ser gjerne at Breim Sau og Geit v/Vidar Sandal 94831201 får tilbakemelding på eventuelle funn.

    Mvh. Breim Sau og Geit, Vidar Sandal.

    Les mer

  • Fagtur til Askrova 2.- 3. august

    29.07.2014 | Skrevet av Jonny Lofnes

    TUREN ER AVLYST - for få påmelde :-(

    Les mer

  • Ullevering i Breim.

    17.06.2014 | Skrevet av Vidar Sandal

    Det vert innsamling av ull i Breim Tysdag 24. Juni frå kl. 17.00-17.30.

    Møt opp ved stadionbygget. Vi oppmodar dei frå Kandal til å levere på Byrkjelo. Om enkelte ynskjer å levere på Sandane kl. 18.00, så set vi pris på om leveringa vert notert på lista til Breim Sau og Geit.

    Les mer

  • Bilder frå Matfest for geita på Gloppen Hotell.

    30.04.2014 | Skrevet av Vidar Sandal

    Bilder frå Matfest for geita på Gloppen Hotell.

    Les mer

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201