Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Desember 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     

Værlamkåring i Gloppen.

Fra 06.10.2019, til 06.10.2019 kl. 23:59

Værlamkåringa i Gloppen vert i år SØNDAG 6. Oktober kl. 09.00 på Norsk Fjordhestgard. Arrangørane Breim sau og geit i lag med Gloppen sau og geit håpar på størst muleg deltaking denne søndagen. Det vert ein sosial og triveleg småfedag i ridehallen på Norsk Fjordhestgard. Litt aktivitetar for store og små. Det vert servert betasupa oppe på låven. Vel møtt til ein kjekk sosial småfedag på Breim. Samtidig håpar vi flest mogeleg stiller på med ei triveleg økt for å rigge bingane laurdag 5. Oktober kl 16.00.

Saueeigaren sjølv kan melde inn dyra sine på www.saueavl.nsg.no/gard/.  Denne er open for registrering 14 dagar før sjået, og stenger 2 dagar før.

Einar Helge Haugstad: 6770 Nordfjordeid ehehaugs@online.no   Tlf : 48038573

Eigar av verelammet som blir stillt til kåring skal vere medlem av Nsg.  Alle data om verelammet må vere registrert i sauekontrollen. Det gjeld rase,  øyrenr., fødselsdato, kjønn, far(kåringsnr og rase), mor(øyrene og rase) haustvekt, vegedato og burd.

Krav til O-indeks:  NKS  115, sjeviot 110, spel110. NKS kan ikkje kårast på dispensasjon. Dei andre rasane kan kårast på dispensasjon etter krava i dei generelle kåringsreglane som gjeld for rasen.

Værlammet skal vere etter ein kåra far som er o-kåra, ikkje kjøtkåra eller  Nor-X-kåra.

Sjå paragraf 5 i reglane.    

Det er  vedteke at det  er obligatorisk  med margprøve av ulla for alle kvite dyr. På kåringsjåa i Sogn og Fjordane vil det bli brukt lupe. Kvar dommar har sitt eige ulldømmingssett som skal brukast på  på sjåa, og dommarane har fått opplæring i å bruke dei.

Det er  NSG som er ansvarleg for kjøttkåringa og det skal brukast same kåringsmerke som ved vanleg o-kåring.Lam som skal kjøttkårast skal klippast, seinast 7 dagar før kåringsdagen.Det skal stå att litt ull på krysset,ca 10x10 cm, så dommarane kan føreta ei analyse av ulla.

 

 
Breim Sau og Geit
Org. nr.:
Leiar: Vidar Sandal
Postadresse 6826 Byrkjelo
Kontakt Tlf.: (+47)94831201