Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Mai 2012
Ma Ti On To Fr
 123456
78910111213
14151617181920
21222324 252627
282930 31   
       

Strategiplan for 2009-2011

Her kan du laste ned en pdf-versjon av planen (83 kb).

Visjon: "NORSK SAU OG GEIT - på lag med naturen"
Hovudmål:

NORSK SAU OG GEIT skal i samsvar med § 1 i lovene arbeide for:

  • eit rasjonelt og lønsamt saue- og geitehald,
  • samarbeid i produksjon og omsetnad,
  • større bruk av norske småfeprodukt,
  • å fremje småfehaldet i samsvar med god dyrevelferd, naturvilkår og marknadstilhøve.
  • Alle ledd i organisasjonen har ansvar for at visjon og hovudmål vert nådd gjennom handling.

Dette skal vi gjere gjennom å prioritere:

1. Produksjonsvilkår
NSG skal arbeide for at naturen vert forvalta gjennom ein bærekraftig bruk der utmarka er den viktigaste produksjons- og kulturfaktoren.

Korleis:

  • Trygge retten til bruk av beiteareala i utmarka.
  • Arbeide for ein rovviltpolitikk som gir trygge tilhøve for menneske og husdyr.
  • Utvikle den faglege delen av beitebruken.
  • Arbeide for beitebruksplanar og beitebruken sin naturlege plass i arealplanlegging.
  • Arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle økonomisk stimulering av beitebruk i småfehaldet.
  • Arbeide for god dyrevelferd og dyrehelse.
  • Arbeide for utvikling av gjetarhundbruken og eit godt gjetarhundhald. 

2. Økonomi og marknad
NSG har som mål å skape ein økonomi for småfehaldet, minst på linje med andre produksjonar i landbruket.

Korleis:

  • Fremje og auke verdiskapinga i småfenæringa.
  • Småfenæringa skal ha betalt for den samfunnstenesta den gjer med å pleie kulturlandskapet og hindre attgroing.
  • NSG skal arbeide for at produksjonen er så stor at import av lammekjøtt kan unngåast.
  • Levere kvalitetssikra varer.
  • Samarbeide med faglaga og ha offensiv kontakt med politiske og administrative miljø.
  • Samarbeide med samvirke og andre som driv med mottak, foredling og omsetning, for å sikre best mogleg pris til bonden.
  • Fremje produktutvikling. 

3. Faglege utfordringar
NSG har som mål å utvikle og kvalitetssikre produkta gjennom avlsarbeid og krav til eigne innsatsfaktorar.

Korleis:

  • Utvikle og kvalitetssikre avlsarbeidet og auke bruken av semin.
  • Utvikle avlsmetodar innanfor semin som styrkjer kvalitetsproduksjon og førebyggjer sjukdom.
  • Vere pådrivar for utvikling og auka tilslutning til Saue- og Geitekontrollen.
  • Vere pådrivar for auka tilslutning og innrapportering til Helsetenestene for sau og geit.
  • Arbeide for auka oppslutnad om økologisk småfehald.
  • Arbeide for kvalitet og kunnskap om klypping og ullhandsaming.
  • Initiere og vere samarbeidspart i forskings- og utviklingsarbeid. 

4. Eigen organisasjon
NSG er ein fagleg medlemsorganisasjon som skal utvikle seg gjennom klare mål og møte utfordringar i forkant.

Korleis:

  • Skaffe eksterne og interne ressursar til lagets arbeid.
  • Utvikle eigen organisasjon og skulere tillitsvalde.
  • Halde vedlike og utvikle sosiale og faglege tilhøve i produsentmiljøa.
  • Yte god service til alle som tek kontakt med organisasjonen.
  • Kontinuerlig medlemsverving.
  • Formidle medlemsfordelar.
  • Ta heile organisasjonen i bruk. 

5. Politikarkontakt og alliansebygging
NSG har som mål å informere politikarar og andre om verdien av eit sterkt småfehald.

Korleis:

  • Klargjere samfunnsmessig nytte av eit sterkt småfehald.
  • Prioritere alliansebygging.
  • Vere synlege overfor politikarar og andre beslutningstakarar. 

6. Informasjon
NSG skal vere nyskapande og dagsaktuell i informasjons- og kommunikasjonsarbeidet.

Korleis:

  • Prioritere alliansebygging og framstå positivt overfor samfunnet.
  • Prioritere dagsaktuell oppdatering av tillitsapparatet.
  • Bruke medlemsbladet og heimesida som kontaktskapande og informerande organ til medlemer og andre.
  • Profilere organisasjonen og næringa på messer, i skular, i media osv. 

 

 
Norsk Sau og Geit nsg@nsg.no                
Org. nr.: 970 134 808
Besøksadresse Moerveien 2A               
N-1430 Ås
Postadresse Postboks 104                
N-1431 Ås
Kontakt Tlf.: (+47) 950 96 060               
Faks: (+47) 64 94 17 04