Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Desember 2019
Ma Ti On To Fr
      1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031     

Beite og utmark

Utmarksbeite er grunnstammen i det norske sauehaldet og grunnen til at me kan vere stolt av det produktet me leverer frå oss.

Lamma vert fødde frå medio april til medio mai og vert sleppt på beite so snart dei er i stand til å følge mora og få i seg mjølk, som regel berre nokre dagar gamle. Her går dei på innmarksbeite frå nokre veker til ein månad før dei vert sleppt vidare på utmarksbeite. På utmarksbeite går dei saman med mora eller i familiegrupper i tre-fire månader til dei er slakteklare. vanlegvis har dei då vakse seg store frå rundt ti kilo på heimebeite til rundt femti kilo levandevekt på hausten. Kun basert på naturlege og fornybare ressursar i fjellet!

Utmarka i Sogndal har mange interessegrupper og mange brukarar. Mange fleire enn ein finn andre stader. Likevel er det særs lite konflikter mellom friluftsliv og beiteinteresser i Sogndal, ut frå kva ein kan forvente. beitenæringa i Sogndal takkar for at dei som ferdast i naturen viser aktsemd overfor både beitedyr og ville dyr og melder frå om dei ser skadde, sjuke eller døde dyr på si ferd i denne fantastisk flotte naturen.

God tur!

Styret i Sogndal Sau og Geit 2015.

 
Sogndal Sau og Geit
Org. nr.:
Postadresse
 6856 SOGNDAL
Kontakt
Tlf.:  91763761