Fylkesmannen inviterte sauebønder og landbruksforvaltning i rovviltkommunane våre på 2 dagars fagtur. Resultatet vart ein busslast på 33 personar som la ut på tur til nabofylka Oppland og Hedmark den 22.- 23. september. Vi fekk også med oss leiar for rovviltnemnda i reg. 6, Torill Melheim Strand. Formålet var å få eit innblikk i våre naboar sitt syn på og takling av utfordringane vi har felles i samband med konflikten mellom rovvilt og bufe på utmarksbeite. I tillegg ville vi skape ein møteplass for oss sjølve, der vi kunne diskutere våre eigne erfaringar.

Fagprogrammet tok til på Dovrefjell hotell på Dombås, med strategiske stopp på vegtraseen rundt Rondane nasjonalpark. Vi fekk med oss seterlandskapet i vakre Grimsdalen, vi fekk sjå og høyre om organisering og utfordringane i Ramshytta gjetarlag på Ringebufjellet. I Folldal fekk vi eit innblikk i korleis rovviltsituasjonen ser ut i Hedmark, og hos Laurits Fokstugu på Dovrefjell fekk vi høyre om korleis det er å vere sauebonde i eit belasta jerveområde på ein av dei høgstliggande gardane i Norge (890 moh). På andre stopp hadde vi møte med landbruksforvaltninga i kommunane vi køyrde igjennom, samt rovviltnemnda, beitenæringa og Sau og Geit i Oppland, der også radiobjeller og kadaverhundarbeid var tema. Jorunn Stubsjøen informerte i tillegg om forskingsprogrammet som går føre seg i regi av Fylkesmannen i Hedmark- Utviklingsprogram for småfenæringa i fjellregionen, som har teke opp i seg mange spennande tema der resultata kan få betyding for småfehaldet i heile landet.

Nokre av presentasjonane finn de under.

Utfordringane rundt rovvilt er store i alle fylka som har mål om ynglingar. Der er likevel nyttig å høyre om erfaringane til kvarandre, knytte kontaktar og få tips om andre måtar å handtere utfordringane på. Kan vi t.d. drive informasjonsarbeid på ein betre måte? Kan tilhøva leggast betre til rette for felling og jakt? Korleis organiserast utleige av radiobjeller i Oppland? Korleis kan vi få opp interessa for og nytte kadaversøkande hundar for dokumentasjon av kadaver? Fylkesmannen i Oppland har i samarbeid med SNO ein omfattande SMS- varsling til næringsutøvarar i samband med kadaverfunn og andre observasjonar i rovviltområda. Dei har også kome lengre en oss i organisering og bruk av kadaversøkjande hundeekvipasjar. Vi har mykje å hente på samarbeid på tvers av fylkesgrensene, både om konkrete tiltak og i samband med overordna planlegging. Turen gav inspirasjon til vidare arbeid innanfor eit særs vanskeleg område.

Beitebruk og rovvilt i Folldal kommune

Utviklingsprogram for småfenæringa i fjellregionen

Landbruket i Nord-Fron_orientering 22_09_2011