Banner Banner Banner Banner

Kalender

  Februar 2021
Ma Ti On To Fr
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
       
       

Siste kommenterte artikler

Møter og info om radiobjølleprosjektet

19.05.2012 | Skrevet av Pål Kjorstad

Lamminga er på hell og organisasjonsarbeidet må takast opp att. OSG byrjar med ein møterunde med deltakarane i Radiobjølleprosjektet 21, 22 og 23/5.

Det er viktig å leggja merke til 2 endringar i programmet. Lillehammermøtet vert halde på Bjørns Kro og Norddalsmøtet vert halde på Felleskjøpet, Otta. Sjå elles oppdatert rundskriv. Til orientering så kan den enkelte velgja kvar dei møter dersom datoen ikkje passar.

Alle prosjektsdeltakarar må òg skriva under avtale i år. Dette året har vi vald å vera litt strengare etter erfaringane i prosjektet så langt. Leigekontrakta ser slik ut.

Elles har det vist seg at mange har lese infoskrivet litt fort. Dette har bl.a. ført til at fleire ikkje betalte fakturaen i rett tid, nokre står att enda. Det kan òg visa seg at fleire ikkje har tinga lodda til dei nye radiobjøllene sine. Vi veit at grunnen til dette i enkelte tilfelle er feil i e-postadressa og eller feil mob.nr. På møterunden nå er det viktig å møta opp for å retta opp dette.

Dei aller fleste får att dei innleverte radiobjølllene sine oppdaterte med unnatak av 10 radiobjøller som i fyrste omgang vert erstatta med nye dersom vi har nok. Oppdatering av enhetene frå 2010 og 2011 er ikkje heilt nødvendig, da vi ikkje har lammenoder i Oppland dette året. Men nokre småting i softwaren kan vera betre i den nye versjonen 1062. (2010 enhetene har versjon 1055 og 2011 enhetene har versjon 1060).

Velkome!!

Småfebonde, gjeterhundeier eller sympatisør med næringa?

Meld deg inn i NSG!

 
Oppland Sau og Geit
Org. nr.: 969 546 183
Besøksadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Postadresse Pål Kjorstad
Moarusta 13, 2647 Sør-Fron
Kontakt Tlf.: (+47) 990 34 406
pkjorstad@outlook.com